Viser innlegg med etiketten Venner. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Venner. Vis alle innlegg

lørdag 24. september 2016

DAYS LIKE THIS...








Sommaren 2016

Reise til stadar som betyr noko.
Møte menneske som bor i hjerte.

Days like this.. 

Minner som er gode å ta med inn i kvardagen.

God helg!

.........................
Deler på Skywatch Friday

lørdag 13. februar 2016

BYEN ER BERGEN


OG DET HEILT UTAN REGN..

1 DØGN VEKKE PÅ JOBBOPPDRAG.

- MEN SAMTIDIG FEKK EG BESØKE MI GODE BARNDOMSVENNINE.
SÅ KJEKT Å MØTE HENNE!

RART MED SLIKE VENNSKAP SOM OPPSTÅR SOM SMÅ.
SJØLV OM VI SJELDAN SNAKKAST OG SJELDAN MØTAST
SÅ ER KONTAKTA DER ALIKEVEL.

HELDIGE MEG SOM FEKK EIN KVELD I BERGEN, 
MED GOD MAT OG MIMRING OM DET SOM EIN GONG VAR OG
INNBLIKK I KVARANDRE SITT LIV SLIK DET ER NO.

..........

deler på Skywatch Friday

fredag 6. mars 2015

I BELIEVE.....


I believe in the sun 

even when 

it is not shining. 


I believe in love 

even when 

I cannot feel it. 


I believe in God 

even when 

He is silent. 

( written on a wall during the Holocaust )




---------------------------------------------------------------------------------------------------------------

VENNSKAP, KVA ER DET?
ER DET NÅR EIN KAN MØTAST ETTER MANGE ÅR 
OG FORTSATT KJENNE AT KONTAKTA ER DER?

TAKK BEATE FOR DEI FINE TULIPANANE.

TAKK AT DU VILLE PRIORITERE MEG NOKRE TIMAR 
MEDAN DU VAR HER PÅ SUNNMØRE. 
DET SETTE EG VELDIG STOR PRIS PÅ!!
.........................................................................................

GOD HELG!


torsdag 27. november 2014

På tide?


Det er snart på tide å sende ei helsing til slekt og venner.
Kanskje det berre er denne eine gongen i året dei høyrer i frå deg og du høyrer frå dei?
I desse digitale tider kan ein enkelt sende ei helsing på e-post, Facebook o.l.

Men kva er kjekkare enn å finne handfaste bevis i postkassa på at du ikkje er gløymt?
Eg er i år mykje tidlegare ute enn eg brukar å vere. 
Og eg har ein tanke om at før helga er omme skal alle kort vere sendt.

Ha ei fin avsluttning av november :-)

onsdag 17. september 2014

50 er dei nye 40!?



DE HOLDER SEG GODT, DISSE DAMENE: Både Michelle Obama, Courtney Love, Elle MacPherson, Sandra Bullock, Courtney Cox og Mary Louise Parker fyller 50 år i år. (Foto: All Over Press) Bilete er lånt her.


Ja, her er altså mine medsystre som er jamgamle med meg. 
I mine auge behøve dei ikkje å vere eldre enn mellom 30 og 40år.
Og eg kan ikkje stille opp verken som modell eller presidentfrue.

Men å ha ein fest med familie, slekt og vener det kan eg. 
Og det angrar eg ikkje på. 
For visst bør ein feire 
LIVET! 

Det vart feiring ca.1mnd før den STORE dagen, for at alle gutane våre skulle bli med. Skulegang på andre sider av landet gjorde sitt til den tidlege festen.

Takk til alle som gjorde både festen og 
sjølve dagen til ei glede for meg!
 




torsdag 26. juni 2014

Ein ny dag!





































Eg har fått ei vakker gåve.
Ein ny dag som berre er min. 
Det er opp til meg å velge kva eg brukar gåva til.

Dagen står der i dørsprekka mi, ventar på å få kome inn. 

Full av blanke, reine sider med alle fargane i verda til.
Korleis kan eg best nytte denne gåva eg har fått?

Eg må velge varme fargar, ikkje farge arket grått.

Eg vil bruke dagen sine timar til å vere positiv.
Glede dei menneska eg møter.
Gi oppmuntring og smil.

Uansett så må eg hugse at når dagen er forbi,

har det eg har sagt og gjort trakka opp ein sti.
Det er opp til meg å styre kvar den stien fører hen. 
Ynskjet er at du som ser den kan sjå sporet av ein venn…..
( Ukjent )

torsdag 29. mai 2014

Kristi Himmelfartsdag

Kristi Himmelfartsdag er ein viktig dag for den kristne kirke. 
I våre dagar er Kristi Himmelfartsdag ein dag mange setter pris på. Kristi Himmelfartsdag vert alltid feira på ein torsdag og er heilagdag og fridag. Mange tek seg også fri på den inneklemte fredagen, og dermed blir Kristi Himmelfartshelga ei skikkelig langhelg.
Kristi himmelfartsdag feirast 40 dagar etter Påske, og markerar at Jesus ble tatt opp til himmelen medan disiplene såg på. Jesu himmelfart skjedde 40 dagar etter oppstandelsen på første påskedag.

Eg for min del er glad for at vi har denne dagen.
Den markerar ei ny epoke i Jesu liv.
Og i livet til oss som vil høyre Jesus til.

Jesus kan no vere alle stadar,
her hjå meg og hos deg på same tid.

....................................................
Men så er det somme som vil ha vekk desse bevegelige heilagdagane. 
Og mange anar ikkje kva ein feirar denne dagen. 
Vi er ulike, men eg vonar det kan fortsette som før.
-----------------------------
Her på Sunnmøre har det vore ein strålande dag med sol. 
Godt å få glede seg over livet og endåtil finne grøne jordbær i jordbæråkeren! 
Det er håp om raude jordbær om ei stund.
Og kjekt å ha besøk av mi gode vennine Astrid frå Harstad. 
Sjølv om ho er 28år eldre enn meg har det ingen ting å seie. 
Og vi har kjent kvarandre omtrent like lenge som ho er eldre enn meg.

VONAR DIN DAG HAR VORE FIN!

søndag 15. september 2013

Vennskap varer ved..



Glem aldri hvor mye lys du sprer...

Hvor mye støtte du gir...
Hvor mange smil du henter fram
og hvor mange hjerter du varmer....
Ved å være akkurat som du er!!!
(ukjent)
.........

Takk for fin helg i vennskapets tegn!

Takk til alle kullingane mine frå Førskulelærarlinja i Volda 1985-1988!

Tenk at heile 20 stk av oss klarte å sette av ein laurdag
 saman heile 25år etter at vi slutta.
Stor takk til dei som samla oss, ordna stad,
 mat og herleg underholdning.

Eit flott samhold i denne gjengen! 
Dokke er best ♥
Vi møtest om 5år igjen, ikkje sant?
Og då kjem kanskje enno fleire av oss?

Kanskje du også Torill får sjanse til å kome?

----

Og ekstra stor takk til dei to eg fekk heile helga saman med.

.....

lørdag 29. juni 2013

Spreke damer på Blåtur



Her er nokre av dei spreke damene som var 
på Blåtur i går kveld.
Alltid kjekt å vere saman med kollegane mine på ymse arr.
Og så heldige som vi var med været i går, 
endåtil sola varma oss.

Tusen takk til HUL og LKJV for flott gjennomført Blåtur!!


Og midt i vegen låg der eit steinhjerte
 

GOD HELG!

onsdag 12. juni 2013

Du er unik




Det vil komme
En ny dag,
Et nytt år,
En ny vinter,
En ny vår,
Men aldri flere som deg..
Du er unik!
Glad for at du finnes!

(Fra dikt.org)



Ei av dei eg har blitt kjent med dei siste åra kjempar sin livs kamp i dag.
Krefta tærar på henne.

Ein vert så utruleg satt ut når nokon ein er glad i har det så vondt.
I natt vart ho igjen lagt inn på sjukehus med store smertar.

Ho har ein blogg som formidlar tankane hennar frå ho fekk kreft.
Besøk gjerne ULSTADTAUSA.

Og til dokke som ber, be for Torill og familien. Det set dei pris på.

onsdag 19. desember 2012

Gi meg ikke din styrke






Gi meg ikke din styrke
men vær sterk
så jeg kan finne min
Gi meg ikke din visdom
men fortell hvor den har kilden sin

Gi meg ikke ditt liv
men lev
så jeg kan leve mitt
Gi meg ikke din kjærlighet
men elsk mitt hjerte fritt

Gi meg ikke din glede
men vær glad
så jeg kan finne min
Ta gjerne fra meg min smerte
men gjør den ikke helt til din

av Bjørn Eidsvåg

...........................
Vondt å oppleve at fleire av dei ein har i ♥ slit med sorg og sjukdom.
Viktig å vere der for dei som ynskjer det.
.....
Har lyst å tipse om ein nydeleg og sterk blogg som eg vil du skal besøke:

MØRKEROMMET
 
Mørkerommet er staden der alt vert klarare. Det som er skjult vert synleg. Sorga vert klarare, men også gleda og håpet. På denne bloggen kan du sjå framkallingane av nokre bilder frå mine filmrullar; minner eg har med meg, sår eg har fått eller gleder eg har plukka opp på vegen. Mykje av det du les er personleg, som eit vindauge inn i sjela mi, medan andre ting er betraktningar og tankar som har dukka opp i ulike samanhenger. Velkommen inn i mitt mørkerom!

torsdag 8. mars 2012

Barndomsminne


Barndomsminne..
Det er nok ikkje alle barndomsminner som er like gode.

8 mnd på Barnesanatoriet på Reknes har satt spor i livet til ei av mine venniner.

Berre 4 år gamal måtte ho reise frå heimen sin for å få behandling for
Tuberkolose. Ei behandling som ein i ettertid ser ikkje gjorde henne godt.

Det er vanskeleg å sette seg inn i denne situasjonen. Korleis hadde ho det?

På bilete over ser vi dukka til vennina mi, det kjæraste ho hadde med seg.
Slik fortel vennina mi det med eigne ord:

"Eg hadde fått ei stor fin knuseleg dokke som eg var så glad i. Hugsar så godt då den vesle jenta i nabosenga grein så mykje for ho ville ha dokka mi, og leike med den. Eg ville jo ikkje låne den vekk kan du tru, eg var jo så redd for den.
Men ein pleiar tok likevel og gav den til den hylande jenta, som like etterpå kasta den i golvet, så halve bakhaudet knuste.  Den fortvilelsen og sorga eg kjende då, gløymer eg ikkje, og dokka vart ikkje erstatta med ei ny og heil nei, så den gamle dukka med knust bakhovud sit høgt oppå hylla mi den dag i dag.  Maktesløshet. Det einaste eg hadde vart tatt ifrå meg og ødelagt." (gjengitt med tillatelse)

 

Dette biletet syns eg beskriv så godt den botnlause sorga som mi vennine opplevde.

Kvifor skriv eg om dette?
Det er snart 50år sidan det skjedde..
Vanskeleg å bevise alle opplevingane, all den tvangen og tyraniet som borna opplevde.

Eg skriv fordi eg syns det er viktig at desse historiene kjem fram i lyset.
Eg skriv fordi eg vil at sanninga om den behandlinga dei fekk skal kome fram.
Mangt eit Sanatoriumbarn vart prega for livet.
....................................................

For dei som bor i Oslo området vil eg anbefale eit besøk på:

Norsk Teknisk Museum / Nasjonalt medisinsk museum
Utstillinga opnar 14, mars kl 1300.


Jeg fortalte ikke til noen at jeg hadde vært sjuk
– om tuberkulosen, behandlingen og tiden etterpå
”Jeg bodde noen år i Oslo på 70-tallet. Nesten hver helg tenkte jeg på å dra opp igjen til Grefsen, men jeg fant alltid en unnskyldning. 15 år senere var jeg igjen i byen, på besøk hos en venn. Jeg lånte bilen hans, kjørte bort der og stod på utsiden i minst en halv time. Bare stod. Minnene kom, tårene bare rant og rant. Så snudde jeg ryggen til og kjørte tilbake til kameraten min. Jeg kan ikke huske jeg sa noe til ham.” (Einar Måseide (65), innlagt på Grefsen barnesanatorium i 20 måneder i 1953-54.)
Tuberkulose var den farligste og mest fryktede epidemiske sykdommen i Norge fram til 1950- og 60-åra. I Jeg fortalte ikke til noen at jeg hadde vært sjuk deler pasienter, pleiere og pårørende sine minner og erfaringer fra sanatorieoppholdene. Hvordan har sykdommen og behandlingen preget menneskene, familiene og også samfunnet utenfor? Historiene fortelles gjennom dokumentarfilmer, fotografier, intervjuer, skjønnlitterære tekster og gjenstander.
Jeg fortalte ikke til noen at jeg hadde vært sjuk henter materiale blant annet fra Grefsen barnesanatorium (1909-1970), nå Sanatoriet barnehage.
Utstillingene er laget av Nasjonalt medisinsk museum i samarbeid med Bymuseet i Bergen og Universitetsbiblioteket i Tromsø. Prosjektet er støttet av Norsk Kulturråd og er en del av kulturrådets nye Brudd-prosjekt.

Jeg fortalte ikke til noen at jeg hadde vært sjuk
er både en nettutstilling og en fysisk utstilling.
Begge lanseres på Norsk Teknisk Museum / Nasjonalt medisinsk museum
14, mars kl 1300.

 Velkommen!

onsdag 28. desember 2011

Heldige meg!


bilete lånt hjå Kronprinsessene


Sjå kva eg vann hjå Kronprinsessene:
Og vinneren av 1 stk serveringsbakke i bambus er 

Serveringsbakka er frå Rosendahl 
Og til Jul fekk eg ei flott Rosendahl skål av ei god vennine..

Hm, kanskje eit nytt merke å samle på?

Fint er det i allefall.

Takk til May Helen og Liv Berit for flotte gleder!

mandag 7. november 2011

KJÆRE VENN!



Takk for at du var der 
da eg trong deg.

Takk for at du såg meg,
lytta til meg
delte smil og tårer
og snakka med augene mine.

Takk for at du var der,
eg trong varmen din!

- Ragnhild Bakke Waale-
.........................
Eg likar så godt dette diktet, det er så talande.
Ein ting veit eg, vennskap har ingenting med alder å gjere.
Fleire av mine venner er eldre eller yngre enn meg.
Vennskap er som ei bru.
 Ei bru som knyter einsame øyar saman.
Vennskap handlar om å bli sett og høyrt,
begge vegar.
Og sjølv om ein kan vere langt borte
frå kvarandre,
kan ekte vennskap alikevel bestå!
............................
Dette er mitt bidrag på
MANDAGSTEMA
hjå
Alt som er vakkert!
Tema denne mandagen er Langt borte.



Ha ei flott novemberveke!

fredag 7. oktober 2011

Himmelsk Fyr

Landego Fyr i solskinn

I dag er Himmelsk bilete mitt lånt frå Skagen Hotell, Bodø si side.

Tre dagar på kurs i Bodø var både travelt og godt.

Traff kjekke barnehagefolk frå heile landet.
Vil helse spesielt til tre av dei, Maria frå Krokelvdalen,
Anita frå Molde/Oslo og Ann Kristin frå Øyer/Lillehammer.
Takk at dokke vart mine venner, det varma

Ein av kveldane reiste vi til dette fantastiske fyret, Landego fyr!
Været var bra og vi hadde flott sjøreise både fram og tilbake.
Og maten, den var ei klasse for seg sjølv!! Takk til Sindre som både er ein dyktig omvisar og ikkje minst ein dyktig kokk.

                                               Hver fredag:

Dette er mitt bidrag til

God helg!

tirsdag 23. august 2011

Tusen takk til "Trivselsdamen"


Sjå kva eg fekk i posten i dag: tesil, koppehanddukar og heimestrikka klut!!
Og sjå på bilete: Eg rakk litt sol i ettermiddag :-)

Eg føler meg rik, 
ikkje berre fordi eg vann ei flott gåve,
 men fyrst og fremst fordi eg er så heldig å ha slike flotte bloggvennar!!

Tusen takk til
for herleg gåve og fine ord!

♥klem♥

onsdag 23. mars 2011


Akkurat når et vennskap


begynner er vanskelig


å tidfeste.


Det er som


å fylle et kar, dråpe for


dråpe, til karet renner over.


Det samme skjer med


vennlighet og gode ord -----


til slutt flyter hjertet over





James Boswell


søndag 13. mars 2011

Nihonkoku (日本国), «solopphavsland».

Sist sommar gjorde eg og ei vennine endeleg alvor av planane om
å besøke Inger før ho skulle reise.
Hjå henne fekk vi servert Japansk mat. Spennande og godt!

Japan er nok det landet som ligg Inger sitt hjarte nærmast.
I fleire periodar har ho vore der som misjonær.

Inger er i Japan utsendt frå NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband).
Ho er der for at fleire skal få høyre om Jesus.
På desse orda frå Matteus 28 har ho reist ut:
18 Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 
19 Gå difor og gjer alle folkeslag til disiplar! Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen 
og Den heilage ande 20 og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. 
Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»


Og no er ho der nede, midt i eit jordskjelvramma land.
Inger bor ikkje nær det området som er ramma,
men alikevel er kvardagen rundt henne prega av at landet ho bor i er inne i ei krise.

Tankane mine er hjå Inger og andre eg kjenner som bor i Japan.
Og ikkje minst er tankane hjå dei som er hardast ramma,
dei som har mista nokon av sine eller heimen sin.
...............................................


Du har gjort min angst til din
Gud, bare dette har jeg tilbake: å stole på ditt løfte til dagen gryr og morgenstjernen viser seg.
Du har oppfylt natten med ditt nærvær,
gjort min angst til din angst,
min ensomhet til din ensomhet,
mitt rop til ditt rop.
Jeg tror det, ikke fordi det kjennes slik, men fordi du har sagt det.
Hør oss i vår nød
Himmelske Far, vi overgir oss i din sterke hånd og roper til deg i vår nød. Sorgen er tyngre enn vi kan bære; savnet større enn vi kan tåle. La vårt rop komme til deg. Hør oss i vår sorg og nød, for Jesu Kristi skyld.
(funne her)


torsdag 10. februar 2011

Rosa glede


Her er mi 
ROSA GLEDE!
Slik har den stått og blomstra sidan litt før Jul.
Den var ei overraskande gåve frå to kjekke damer, 
mor og dotter.
Takk til M og M for den flotte blomen!
Den satte eg verkeleg pris på!!

Ha ein flott torsdag i ditt liv :-)

Azalea fåes i alle fargesjatteringer av rødt, rosa, lilla og hvitt. Den skal stå lyst, men ikke i direkte sol. Den vil gjerne ha det lit kjølig. Den må ikke tørke ut og skal ha rikelig men vann i blomstringstiden. Av og til bør den senkes ned i en kum eller bøtte med kuldeslått vann. Der skal den stå 10-15 min. - til det ikke kommer flere luftbobler.
Det er godt mulig å få azalea til å blomstre igjen. Etter avblomstring settes den frostfritt, men kjølig. Frem til midten av april fjernes alle nye skudd. I slutten av mai kan den settes ut i hage eller på balkong. Den skal stå skyggefullt, men ikke for mørkt. Den kan plantes direkte i blomsterbed eller stå i plastpotte. Azalea liker sur jord (gjerne hentet fra barskog). Hvis den settes rett inn i et varmt rom om høsten kan den felle knoppene. Derfor bør den først settes kaldt til den har startet å blomstre. Da kan den tas inn i stuen, men bør stå på det kjøligste stedet i rommet. (Henta frå her)