refleksjon (av lat., jf. reflektere). 1. Tilbakekasting (av lyd el. lys); avspeiling, gjenspeiling. 2. Ettertanke, overveielse. Gjøre seg sine refleksjoner, tenke sitt. frå www.caplex.no.
Viser innlegg med etiketten interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten interiør. Vis alle innlegg
onsdag 14. november 2012
Sneak peek
frå kjøkkenet vårt..
Frå venstre:
1.Tallerkenhylle kjøpt på flyttesalg hjå mor til Mie med den herlege bloggen
Mies mirakler (hadde fyrst tenkt å male, men akkurat no skal den få vere brun)
2. Blå tallerken arva etter foreldra mine
3. Har du sett på maken ... Ein engel har snike seg inn for å minne om at det snart er Advent og Jul
I midten: kort frå EGEDENNE som har tatt eit stort valg, er flytta for å få vere saman med sin kjære!
Til høgre: nye kjøkken gardiner som eg er svært fornøgd med.
Vonar onsdagen din er god :-)
onsdag 17. oktober 2012
Climb a tree - it gets you closer to heaven!
Bilde av eit bilde: Kjøpt på Kremmerhuset!
Kremmerhuset har masse flott!
Blandt anna dette bilete som eg kjøpte til jobb.
Du finn fleire ulike motiv og du får bilda også på pute.
Bilete lånt på Kremmerhusbloggen
Kjempefine!
......
Fortsatt fin veke!
Mi er litt for hektisk....
klem frå Sigrid
fredag 14. september 2012
FLOTT HANDARBEID
DEI KUNNE DET FØR I TIDA..
LAGE FLOTTE HANDARBEID..
Ja, det er ein duk..
Men kven har sagt at det ikkje kan brukast til gardin?
GOD HELG :-)
Etiketter:
handarbeid,
interiør,
minne
tirsdag 11. januar 2011
Familieplanlegging
bilete av sofa funne på google
"Familieplanlegging
er noe moren driver med når hun flytter
på møbler mens de andre sover.".
Eg er visst kome i sitathjørne igjen..
Dette er gullkorn frå barnemunn.
Syns det passa på dei fleste damer.
Spesielt dei av oss som er ein smule interiør interessert?
tirsdag 4. januar 2011
Årets farge er rosa.
For dei som måtte lure på kva som er årets farge-
det er nemleg
ROSA
seier ekspertane...
Og dei skal vi vel høyre på? ;-)
Etiketter:
fargar,
inspirasjon,
interiør
lørdag 6. november 2010
Historie
To puter har fått ny heim..
Dei er ikkje trendy og på moten..
Dei har levd eit liv før dei kom i vårt hus..
Om dei kunne fortelle si historie om opplevingar,
sorg og gleder ville det vore spennande å vere tilhøyrar.
Men mest av alt trur eg dei er glade for å ha kome fram i lyset igjen.
Og så syns eg dei passar godt i den gamle fine sofaen vår.
Tenk kor mykje arbeid som skulle til før desse Hardangersaum
putene vart ferdige..
Trur at den som laga dei ville blitt glad for å sjå dei i bruk..
............................................................................................................
No er det pizza på menyen i mitt hus :-)
Vonar du og dine får ein fin kveld og ein god søndag!!
Ps: Ikkje gløym å vere med på Novemberdikt utfordringa mi.
Du finn den her.
Etiketter:
gjenbruk,
handarbeid,
interiør,
minne,
slekt
lørdag 30. oktober 2010
På tide
å skifte ut sommargardinene no..
Det er eigentleg ikkje gardiner :-)
Men rett og slett ein duk eg fekk
av mi kjære svigermor..
No er eg i grublefasen på kva som no
skal få lov å kome opp..
Julegardiner er det for tidleg å ha opp..
Trur eg må tenke meg godt om..
Ha kjekk laurdagskveld!
NB: Hugs å stille klokka 1time
mot nærmaste sommar!
Etiketter:
interiør,
slekt,
sommarminne,
takk,
vinter
fredag 29. oktober 2010
lys over..
Men mest av alt minner lyset meg om han som sa:
«Eg er lyset i verda.
Den som følgjer meg,
skal ikkje vandra i mørkret,
men ha livsens lys.»
- Joh 8,12 -
(Eit finn.no kjøp dette..
Har visst ei historie som lys på eit hotell...)
GOD HELG!
Abonner på:
Innlegg (Atom)


