Viser innlegg med etiketten omsorg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten omsorg. Vis alle innlegg

mandag 16. mai 2016

Nokon



Noko å støtte seg på
Noko å kvile seg på
Nokon som er der for deg

inspirert av gamle ugle

TAKK FOR ALL OMSORG I EI VANSKELEG TID!

fredag 22. april 2016

UM Å BERA




Skapte er vi te bera
og lette børene for kvarandre.
Til fånyttes lever ingen.

Men våre eigne bører
skal vi bera åleine.

Stor og verdfull er sorgi
som ikkje kan delast av andre.
Men fatigsleg, liti og arm

er den glede
som du vil ha åleine.

Hjelpelaus er den
som ikkje har nokon å hjelpe,
og vera god mot.

Lik tre utan sevjestraum
turkast han inn – -

Den mannen ber tyngste børi
som ingen ting har å bera.

Jan-Magnus Bruheim

På Skålvekti

søndag 17. april 2016

OPP NED STILLE FØR STORMEN



KVA ER OPP OG KVA ER NED?
STILLE FØR STORMEN..
HJARTET MITT BLØR FOR DEG SOM HAR DET VONDT.

VI KAN NYTE STILLHEITA
STILLE FØR STORMEN
MEN VEIT AT DEN KAN KOME FORT

DAGEN I DAG ER IKKJE SOM  I GÅR
STILLE FØR STORMEN
EI KALD KLO RUNDT HJARTE

INGEN TING VERT SOM FØR
STILLE FØR STORMEN
KJENNER ALT NO KOR EG VIL SAKNE DEG

OPP NED
STILLE FØR STORMEN
PRISEN FOR Å VERE GLAD I ER STOR

-SIGRID 17.04.16-

........................................

Alt har si tid,
          det er ei tid for alt
          som hender under himmelen:
          
      ei tid for å fødast, ei tid for å døy,
          ei tid for å planta, ei tid for å riva opp,
          

-     Forkynnaren 3, 1-2



søndag 26. april 2015

ALT HAR SI TID...

TEIKNA AV INGRID NEDRELID

TUSEN TAKK FOR BLOMSTER OG OMSORG I SAMBAND MED SVIGERMOR SIN BORTGANG.

BILETE OVER HAR EG TATT AV EIT KORT PAPPA FEKK MED 
EIT SØSKENBARN AV MAMMA EI STUND ETTER AT HO DØDE I ÅR 2000. 
EIT VAKKERT KORT MED MYKJE INNHALD.

SÅ MÅ BERRE LIVET GÅ VIDARE..
ALT HAR SI TID..

MEN KJENNER DET VIL TA SI TID FØR EG VIRKELEG KLARE TA DET INNOVER MEG.

----------------------
FIN NY VEKE TIL DEG SOM ER INNOM BLOGGEN MIN!








tirsdag 21. oktober 2014

Når sorg bankar på..

                                        Desse to trea som støttar kvarandre og er vokse saman fant eg i Polen.

Det å leve i felleskap med andre.
Det å ha familie, å ha vener og arbeidskollegaer.

Vi deler gleder og vi deler sorger med kvarandre.


Sorg!

Sorg kan vere så mangt..
Sorg over å miste nokon.
Sorg over at livet ikkje vart slik ein hadde tenkt.
Sorga ter seg på mange forunderlege måtar.

Enkelte klarer å dele det som rører seg inni ein.

Andre kapslar sorga inne.

Midt i det heile kan ein ikkje anna enn å prøve å vere eit medmenneske for kvarandre.

Prøve å støtte den andre på ein måte den andre ynskjer.
Det er kvar sin gong å oppleve at sorga bankar på..
................................................................

mandag 3. mars 2014

Omsorg





du såg kva eg trengte
eit smil
ein kopp kakao
eit klapp på skuldra

det gjorde dagen min god

-takk-

..........................................................
dette er ei lita lovprisning til alle mine gode medarbeiderar
vi er rundt kvarandre og ser kvarandre nesten dagleg

då er det lett å ta kvarandre som ei sjølvfølge

å ha gode medarbeiderar som også ser "sjefen" sine behov
det er GULL verdt ♥

alle er dei like viktige for å få bedrifta til å gå rundt
og evna til å stå på litt ekstra når det "buttar" imot..
den er ubetalelig

-takk-


fredag 24. januar 2014

Blått hav



blått hav
bølgene bryt imot land
arbeider

blått hav
noko å kvile augene på
no når det stormar

blått hav
stormar i livet til nokon
nokon eg bryr meg om

blått hav
salte tårer
renn nedover kinnet

blått hav
slår imot land
lagar arr i landskapet

-Sigrid 24.01.14-

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ein god kollega frå ein tidlegare arbeidsplass har fått livet drastisk endra på få dagar.
Mandag vert ho vert ho operert i Trondheim.

Til dei av dokke som ber: Ver med i ein bønering!
"Sol" vil trenge det no.
♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥

mandag 4. november 2013

November er..

langt i frå trist og grå.
Og himmelen var vakker
i ettermiddag. 
.............
Alikevel..
Nokon har det vondt i kveld.
Nokon har på tragisk vis mista ein dei var glad i.

For den som har det vondt i kveld..
Tenn eit lys min venn!

Kanskje kan du gjere ein forskjell
for nokon som har det vondt?

fredag 1. november 2013

SJÅ MEG!


-ein blome frå ein venn som gjorde at eg følte meg sett-
dvs. det gjer godt for alle å bli sett :-)

Sjå meg: Eg er her..
Høyr meg:Eg har noko på Hjarte..
Eg er liten og eg treng deg no!

.........................
borna, så små og sårbare..
det kjæraste ein har..
så oppdagar ein at svært 
mange barn verken vert
sett eller høyrt
..................
kva gjere eg med det?
kva gjere du med det?
.................
vi som er vaksne har ei plikt..

ei plikt til å sjå og høyre
også dei borna som vi 
møter på vår veg
....................
Eit sitat som eg syns er viktig:


Vi har glemt det gode gamle kollektive ansvaret. 

Nabokjerringer som følger med og kjefter når noen får juling 

eller blir mobbet, er der ikke lenger. 

Vi må få folk til å bry seg om hverandre igjen. 

Det er ikke så farlig å engasjere seg i andre som folk tror.




- god helg -


tirsdag 12. februar 2013

Om å bry seg ein gong for mykje..



Har du opplevd situasjonar der du stussar på kva som er rett å gjere?
Der du lure på om det er rett å gripe inn?



"Det er best når enhver passer sitt, du ditt og jeg mitt."



Ein ettermiddag køyrde eg den yngste guten min til bussen.

Der la eg merke til ein bil som stod å gjekk...


Som vanleg var bussen ganske så mykje forsinka, vi stod der i ca. eit kvarter.

Etter at guten min var reist vart eg veldig i stuss. Burde eg kontakte den 

personen som sat i bilen eller la vere?

Kanskje personen var sjuk og trengde hjelp? Kanskje han var svimt av? 

Eg køyrde meg ei runde rundt og såg at personen låg bakoverlent i sete.

Eg stoppa bilen.

Med bankande hjerte gjekk eg ut av bilen og gjekk fram å banka på ruta.

Han som låg der sov, men eg vekte han. Og spurde: "Treng du hjelp?"

Han såg seg litt forvirra rundt og sa: "Nei, eg måtte berre kvile meg litt."

Eg beklaga forstyrrelsen så mykje. Men han sa: "Det går greit.."


Då eg køyrde der i frå tenkte eg på om det var rett det eg gjorde eller ikkje?

Burde eg ha tenkt slik ordtaket seier: 

Alle må passe sitt og ikkje bry seg opp i andre sitt!


Kva har bildet med teksten å gjere?

Innimellom er det faktisk godt at nokon byr seg om meg og mitt, 

og dei kan faktisk vere reddande englar når ting vert for vanskelege..


Kva ville du ha gjort??




mandag 2. mai 2011

Menneske




Det japanske teiknet for Menneske er to strekar som lenar seg mot kvarandre ! 
Dette seier noko grunnleggande om at det å være menneske – fyrst og fremst dreiar seg om det å være med- menneske. 
Tek du vekk den eine streken fell den andre over ende….


Takk til alle som er med-menneske for meg i mitt liv!
Og så vonar eg at eg kan få vere noko for nokon 
også i dag.


Kanskje du i dag ser nokon på din veg som treng eit smil, eit hei eller ein klapp på skuldra?
Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å gjere dagen betre.. 

søndag 2. mai 2010

Eg gløymer aldri...


Bilete funne her

- å sjå ei mor stå ved kista til sin eldste son,

sjå smerten i augene dine..

- å sjå ei kone som mista mannen ho hadde vore gift med i

over 25år, kjenne på den djupe avmakta du føler..

- å sjå og høyre den yngste sonen halde ei gripande minnetale, 

om ein far som alltid var nær sønene sine..

- å sjå deg der du stod ved grava og visste at alt er over no..

...............................................................................


Så ta da mine hender


Melodi: Julie von Hausmann / Tekst: Peter Waage

Så ta da mine hender
og før meg frem
inntil jeg salig ender
i himlens hjem!
Jeg kan ei gå alene,
nei, intet sted.
Hvor du meg fører ene,
jeg følger med.

La intet mer meg skille
fra nåden din,
og gjør meg ganske stille,
o Jesus min.
Ved dine føtter ene
er barnet trygt,
på deg, på deg alene
min tro er bygt.

Selv om jeg ei fornemmer
din sterke hånd,
min salighet dog fremmer
din gode Ånd.
Så ta da mine hender
og før meg frem
inntil jeg salig ender
i himlens hjem.

tirsdag 9. mars 2010

KJÆRLEIK

fotograf: svoger SA
Bilete viser Kjærleiksvottar, kanskje nokon vert inspirert til å strikke slike? :-)
PS: Nokre trur eg har strikka dei, men det er systå og mannen sine vottar. Men kanskje eg må prøve strikke dei.



VI GRATULERER,

VI GRATULERER,

MED DAGEN SOM

HERREN DEG GAV!


VI GRATULERER,

VI GRATULERER,

OG YNSKJER DEG

GUDS VELBEHAG!


BERRE EI LITA HELSING TIL KJÆRASTEN MIN, MANNEN MIN, VENNEN MIN OG PAPPA TIL DEI TRE BORNA MINE!


KJEMPE GLAD I DEG!!

VONAR DU HAR EIN KJEKK BURSDAG :-)



lørdag 26. desember 2009

Julegåver...


bildet er lånt her
Her er årets Julegåve ;-)
Eg fekk gåver som både var større i omfang og kostar mykje meir....

Men dette er ei av dei gåvene eg føler det ligg mykje
omtanke og omsorg bak...

Vår yngste son på 11 år har gjennom hausten spart i hop av snoppengane sine, for han hadde mål og meining om kva dei skulle brukast til....

Han ville bli med på kjøpesenteret, men skulle gå aleine.....
Etter ei lita stund var han tilbake, svært nøgd med seg sjølv....

Og på Julaftan då gåvene skulle delast ut var dette den gåva som måtte oppnast fyrst..
Den er både til deg og pappa var beskjeden...

Og ut av papiret dukka denne MINI-MASSAGER fram..

Han har verkeleg forstått at mamma sin rygg, men også nakke og skuldrar treng massasje..