Viser innlegg med etiketten hytte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hytte. Vis alle innlegg

søndag 8. mai 2016

Så nær..


SJÅ SÅ VAKRE DEI ER!
TO FLOTTE STOKKENDER.
HOA GÅR NESTEN I EITT MED NATUREN.
HANNEN I VAKRE FARGAR.

SÅ NÆR AT EG NESTEN KUNNE KLAPPE DEI.
EG LISTA MEG INNPÅ DEI OG LA MEG 
TIL SLUTT NED PÅ KNE FOR Å TA DETTE BILETE.

MINNE FRÅ EIN VARM FRIGJERINGSDAG 2016!

GRATULERE MED DAGEN!

MÅTTE VI ALDRI TA FRED OG FRIDOM SOM EIN SJØLVFØLGE!!

-------------------


torsdag 3. september 2015

Fjelldraumen


LENGSELEN TILBAKE

BORTOM NESET
NOKRE ÅRETAK TIL
SÅ ER VI DER

FJELLDRAUMEN VÅR
HYTTA VÅR
KVILE OG RO

SÅ GODT Å VERE
BÅDE ALEINE
OG Å VERE TO

KJEKT NÅR
HEILE FAMILIEN
ER SAMLA

FINT NÅR
GODE VENER
FINN VEGEN

MÅTTE DET BLI
FLEIRE DAGAR
OG NETTER

HØYRE UGLA ULE
SJÅ MÅNEN KOME FRAM
ELLER SOLA STÅ OPP

FYRE I OMNEN
SETTE OVER GRYTA
MATEN SMAKAR

HYTTELIVET
GIR ENERGI OG
LUKKE

03.09.15 - SIGRID

...........................................................
OG NÅR ENDÅ TIL FORSKNING MEINAR AT DET ER SUNT:

.......................



tirsdag 25. august 2015

SMAK AV SOMMAR




Etter ein hektisk oppstart både på jobb og privat var det herleg at vi fekk ein smak av sommar.
Ei helg på hytta gjorde underverker for kropp og sinn.

Lukkelege meg som har ein slik stad å søke tilflukt til!

.....................................

LINKA TIL:


..............................................................................................

Ikkje så aktiv på bloggen for tida.
Men eg les og kommenterar innimellom.

Takk til alle som legg igjen livsteikn hjå meg!

-Sigrid-

tirsdag 28. juli 2015

SOMMARDRAUM 2015


DETTE ER MIN SOMMARDRAUM!
SÅ UENDELEG VAKKERT!


BLIR ALDRI LEI AV DETTE MOTIVET.
DET ØVERSTE ER TATT PÅ SØNDAG.
DET NEDERSTE ER FRÅ JULI 2014.

VONAR DIN SOMMAR ER FIN!!

onsdag 24. juni 2015

Livet og tida

Elskar du livet, så sløs ikkje med tida, 

for det er det stoff som livet er laga av.






Innimellom altfor hektiske dagar og veker, 
både privat og i jobbsamanheng, prøver eg å nyte livet.

Livet er ei gåve frå Gud, lat vi ta vel vare på det.

Akkurat no sprengjer sola seg gjennom det grå skydekke.


Sola er god

Sola er god, sola er toppen. 
Sola er varm og den bruner på kroppen. 
Sola som skin kvar morgon for meg. 
Sola i er best synest eg!

mandag 14. juli 2014

Sommardraum



Den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje - 
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ein morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H.Hauge
Frå Dropar i austvind (1966)
...................................................................................................................................................................
Berre innom for å minne om at akkurat i dag har eg 5 års blogg jubileum.
Tenk her er eg 5år etter mine fyrste små steg uti den store internett verda.
For ei veke sidan la eg ut dette innlegget: SOMMAR
Den som kommenterar det innlegget innan kl.24.00 i kveld er med på ei trekning av ei lita gåve.
Vonar du har fine sommardagar. Eg plukkar solbær :-)
Fortsatt god sommar! 

søndag 22. september 2013

FARVEL, SOMMER / GOODBYE SUMMER


No er båten i naustet 
og den siste rest av kaffi i kjelen drukke opp. 
Hyttesommaren 2013 er over. 

Eg lengtar etter stillheita og den friske fjell lufta.
Farvel og på gjensyn!


er Mandagstema hjå Alt som er vakkert.


tirsdag 3. september 2013

lørdag 31. august 2013

August



"August er det mykeste myke jeg kjenner,
denne skjelvende streng mellom sommer og høst,
denne dugg av avskjed i mine hender. 

Dette hemmelig milde innover jorden,
denne lyende stillhet:
Tal Herre, tal!
Dette lyset som hviler
på modningens høyde,
dveler
og synker mot visningens dal.

Disse kvelder da trær
er som skygger i skyggen.
Denne etterårsferd over sted og forstand.
Jeg har drømt at jeg seilte mot Evigheten,
og en kveld i august var den første
besynderlig duse kjenning av land.

Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet:
August er det mykeste myke jeg kjenner,
myk som sorg og kjærlighet."

EINAR SKJÆRÅSEN

.................................................

GOD HELG!
.......................

Oppdatering:
Dei fyrste tre linjene som eg hadde sitert i går fann eg som sitat i Sunnmørsposten.
Men fann i dag ut at det var ein del av eit flott dikt.
Så eg ynskjer å ære Skjæråsen med å la dokke få del i heile diktet.

linka til:

Skywatch Friday

lørdag 24. august 2013

Kveld ved vatnet



Kvelden har
gjeve dagen fri.

Ro.

Berre eit
stille vak
gjennom
vassflata.

Myrke tretoppar 
i kontur mot
himmelranda
i møte med
ei ny natt.

Ei natt
berre slik
fjellet
gjev det.

av Rannveig B. Bakken


Kjelde: Steg over myrlendt landskap, 1995, s. 18


...............................
Så vakker var kvelden vår i går.
Å få seg ein tur på hytta gjev ny energi.

Vonar di helg er god!

mandag 15. juli 2013

søndag 11. november 2012

Farsdag

Pappa i huset på tur til hytta vår saman med gutane våre.
 
 
Så er det Farsdag i Noreg.
Ein dag då faren i huset skal få litt ekstra merksemd.
 
Det har blitt sagt at:
 
Det viktigaste ein far kan gjere mot borna sine er å elske mora deira!
 
Men eg tenkjer det også går den andre vegen:
 
Det viktigaste ei mor kan gjere mot borna sine er å elske faren deira!
 
Spirea med den vakre bloggen Hjertespor har eit fantastisk innlegg:
 
 
Eg annbefalar alle til å lese det. På slutten står dette:
 
Og om jeg ikke helt forsto det før, har jeg siden den dagen forstått at et ekteskap krever daglig innsats, pleie - og en daglig bestemmelse. Så hver eneste dag bestemmer jeg meg. Hver eneste dag velger jeg min enestående mann - fremfor noen annen - og jeg bestemmer meg for å holde liv i lidenskapen og kjærligheten oss i mellom. Kjærligheten er ikke bare følelser, den er også et valg - og ikke en eneste dag har jeg angret på at jeg tar en så viktig bestemmelse - hver dag....

Klem,
post signature
 
Takk kjære Spirea for at du deler slike opplevingar frå livet ditt.
 
Og til alle menn som er fedre og ikkje minst til min ektemann og far til dei tre gutane våre:
 
GRATULERE MED FARSDAGEN!!

søndag 23. september 2012

Lengsel - Mandagstema


Ja, eg lengtar..
 
Etter dagar som dette.
Der vi kan ro med båten på vatnet og
legge den i støa.
Gå på land og kjenne freden og roa kome.
 
Gå opp til hytta.
Fyre i omnen.
Koste vekk speindelvev og døde fluger.
Pakke opp sekken og sette kjelen på omnen.
Om litt spreier god kaffilukt seg over heile hytta.
 
Riste teppa og henge dei på altanen.
Finne fram grønsåpa og la langkosten danse.
Lufte sengekleda og skifte på nye trekk.
 
Sette seg i solveggen og kjenne at ein LEVER!
 
Ja, eg lengtar!!
 
..............
 
 
MÅTTE DI VEKE VERTE GOD!
 
KLEM FRÅ SIGRID
 
 
 

mandag 30. juli 2012

FLYTANDE / FLOATING


Ny veke med nye ark med fargestiftar til. Og kanskje ein sjanse til ein tur på hytta?
Legge ut på med båten og nyte sommaren!

Mandagstema:
Ta turen innom Helene med bloggen
du også!

lørdag 28. juli 2012

Svart Kvitt Landskap



Innimellom kan livet følast som svart/kvitt.

Alle fargar som du såg før er borte.

Det svarte og det kvite tek overhand.

 

Kan det svarte vere vakkert?

Kan det kvite vere for lyst?

 

Kanskje det er bra at det av og til er slik?

Så vil du glede deg endå meir når fargane dukkar opp igjen!

 

For livet er ikkje svart/kvitt!

Livet er ei blomstereng med vakre fargar.

Ei gåve du har fått!

 

Sjå deg rundt og lev!


-sigrid-

...................................................
Dette er mitt bidrag til

..............................................

PS: kom gjerne innom og ta eit lodd i feiringa mi av 3års bloggebursdag!




fredag 27. juli 2012

Himmelsk juniminne



Så er det helg igjen og Himmelsk hjå Petunia!

Etter nokre dagar på tur er det godt å kome heim igjen til eige hus og hage.

I dag sat eg i sola medan eg åt frukost og vi grilla ute på ettermiddagen,
men så kom regnet igjen..

Difor er det juni minner eg viser deg i dag.

Slike minner som ein kan leve på når vinteren kjem :-)

...............................................................................................................................................................

min kjære venn
det er i desse dagane før hausten stormar
at vi må samle saman solstrålane vi skal leve på

min gode venn
når vinteren kjem vil eg ta deg med
på ei reise bakover i tid

eg vil ta handa di og varme den
fortelle om varmen og lyset som ein gong var
om å ligge i lyngen og la humla suse

lukk augene min venn og drøym,
drøym om det som ein gong var
og om det som ein gong skal bli

-sigrid-

..................................................................................................................................................

PS: kom gjerne innom og ta eit lodd i feiringa mi av 3års bloggebursdag!


GOD HELG!

torsdag 12. juli 2012

Himmelsk sommarfriminutt


NIB har hatt ei utfordring som heiter Friminutt.
Den utfordringa var sjølvsagt interiørrelatert.
Mitt friminutt er naturrelatert.

Sommarminne
Berre sitte, berre vere..
Kjenne sola sine strålar varme.
Kjenne sjel og kropp som smeltar
etter frosen vintertid.

Høyre fuglar juble,
frosk som kvekkar.
Fisken hoppar,
bekken rislar.

Vind som stryk
så mildt mot kinnet.
Vite at eg er ein del av dette.
Menneske med livsens ande.

                                -sigrid-

1.Mos, 31 Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt!
Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

Dette Himmelske sommarfriminuttet legg eg sjølvsagt inn på

4987378325_b77095bd20_b[1]Petunia si Himmelsk utfordring


og på


God sommar!


søndag 18. september 2011

Melkeflaske


Eg er litt usikker på om eg hugsar melkeflaskene i bruk.
Men syns dei er kjempefine til pynt, ekstra flotte med blomar i.
Har vore 1 døgn på hytta i SOL!
Herleg!
Det er flott lading for batteria :-)

Ynskjer alle ei vakker haustveke!
Ta vare på dei små gledene i kvardagen.
For det er tross alt kvardagar det er mest av!
..........
Melkeflaskeinfo:
Det kom i 1930-årene bestemmelser om at all melk som ble solgt i butikker skulle være pasteurisert. Melkeflasker ble tatt i bruk i mellomkrigstiden, først i de store byene. Omkring 1960 ble melkeflaskene av klart glass skiftet ut med brune flasker som bedre beskyttet melken mot lys. Melkeflaskene ble av kundene returnert til butikkene.
I 1960-årene kom melkekartongene i bruk, og med dette ble engangsemballasje introdusert.

lørdag 3. september 2011

Hespetre


er vel ikkje det kjekkaste nokon kan kalle deg?

Men her er eit ordentleg hespetre!
Dette har nok gjort nytta si.
No pyntar det opp på hytta vår.
Eit flott minne om formødrer som spann garn 
og laga garnhesper.
Ja, ei tid var..
.........
Bilete av fleire typer hespetre finn du her