Viser innlegg med etiketten allehegenssøndag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten allehegenssøndag. Vis alle innlegg

søndag 3. november 2013

Allehelgenssøndag




Tider som var.
Barndommen.
Alt kjem sterkare fram
slike dagar..
................

Det er Allehelgens søndag.
Ein dag til ettertanke.
Ein minnedag om nokon som var.
Begge foreldra mine er døde.
.........

Himmelhåpet!

Himmelhåpet lever enno.
Takk for alt som ein gong var.
Gjennom sorg og smerte leve.
Takk for det vi har i vente.
Himmel over død og grav.

-Sigrid 03.11.13-

søndag 6. november 2011

Allehelgenssøndag - I di hand


Midt i sorga, 
midt i gråten,
midt i smerten!

Alikevel få vere i Guds hand!

Eg ber for alle dei som er ramma
av sorg og smerte!

Eg ber for landet vårt!
--------------------------

Det er allehelgenssøndag..
ein dag til å minnast 
ein dag til å tenne lys
ein dag til å reflektere
............

1 Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. 
Han sette seg, og læresveinane samla seg om han. 
2 Då tok han til orde og lærte dei:
          
    3 «Sæle dei som er fattige i ånda,
          himmelriket er deira.
          
    4 Sæle dei som sørgjer,
          dei skal bli trøysta.
          
    5 Sæle dei audmjuke,
          dei skal arva jorda.
          
    6 Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,
          dei skal bli metta.
          
    7 Sæle dei miskunnsame,
          dei skal få miskunn.
          
    8 Sæle dei reine i hjartet,
          dei skal sjå Gud.
          
    9 Sæle dei som skaper fred,
          dei skal kallast Guds born.
          
    10 Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,
          himmelriket er deira.

11 Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis.

12 Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.