Viser innlegg med etiketten ordtak. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ordtak. Vis alle innlegg

søndag 23. april 2017

Over skya...


Vi reiste i solskinn og opphaldsvær.
På øyane vart vi møtt med ein snøkave utan like.
Etter ei lita stund letta det opp igjen.

Over skya er himmelen alltid blå!

Takk for oss for denne gong vakre Alnes på Godøya.

link til Skywatch Friday

onsdag 6. april 2016

BØLGER



...........................
AV OG TIL STOPPAR TING LITT OPP.
NÅR NOKON EIN ER GLAD I HAR DET VONDT 
ER DET TØFT Å STÅ PÅ SIDELINJA.

LIVET ER DET SOM SKJER MELLOM BØLGENE.
EIN MÅ LÆRE SEG Å GLEDE SEG OVER LIVET.
KJENNE PÅ TAKKSEMD MIDT I SMERTEN.
......................
KLEM

tirsdag 15. desember 2015

LYS OG MØRKE




Mørke kan aldri fordrive mørke, det kan bare lys. 

Hat kan aldri fordrive hat, det kan bare kjærlighet.


- Martin Luther King -
..................................................
TAKK FOR PÅMINNINGA OM DETTE TIL GUNNAR
OG TAKK TIL EVA FOR VAKKER PYNTING.


tirsdag 6. oktober 2015

Lykken




“Lykken er som en sommerfugl, der altid er lige 
udenfor rækkevidde, når du forsøger at fange den, 
men som måske lander hos dig, når du sætter dig ned.”

Nathaniel Hawthorne

.........................................................................................

Denne vakre Sitronsommarfuglen er "fanga"
 i august i Østfold.

onsdag 9. september 2015

KVEN VINN?


En indianer satt og snakket med sitt barnebarn. Han sa: I alle mennesker bor det to ulver som sloss. 

Den ene er ond. Det er sinne, frykt, misunnelse, sjalusi, grådighet, arroganse, selvmedlidenhet, løgn, hovering, overlegenhet og egoisme. 

Den andre er god. Det er glede, fred, kjærlighet, håp, ro, ydmykhet, velvilje, empati, sannhet og tillit. 

Hvilken ulv vinner? spurte barnet. Den du mater, svarte bestefaren. 

- INDIANAR VISDOMSORD - 


tirsdag 4. august 2015

BRØD OG SIRKUS

GI FOLKET DET DEI VIL HA
DÅ VERT FOLKET GLAD
- GI DEI BRØD OG SIRKUS



EG HAR VORE TURIST I MIN UNGDOMSBY - TRONDHEIM
(gjekk på KVT i 3år)

DER VART EG TILSKODAR TIL OG IKKJE DELTAKAR PÅ



DET FYRSTE SOM MØTTE MEG I PORTEN TIL NIDAROSDOMMEN 
VAR EIN TIGGAR PÅ VENSTRE SIDE OG 
EIN KLOVN SOM SOLGTE BALLONGAR PÅ HØGRE SIDE.

DET VAR HEILT SIKKERT MYKJE POSITIVT SOM SKJEDDE DESSE DAGANE. 

MEN FOR MEG SOM IKKJE DELTOK, MEN BERRE OBSERVERTE 
VART DET EI STADFESTING AV DET SOM ROMERANE FOR OVER 2000 ÅR KOM FRAM TIL: 

 «Gi folket brød og sirkus, så er dei fornøgde!»

EIT YRANDE FOLKELIV, SALGSBODER AV ALLE SLAG, MAT OG DRIKKE, MUSIKK...

KVAR VART "DET HEILAGE" AV I DETTE KAOSET?
DER DET FYRST OG FREMST VAR PENGANE SOM RÅDDE GRUNNEN?
.....................
KANSKJE DUMT AV MEG Å TENKE SÅNN?

DEI SOM DELTOK FEKK SIKKERT EIT HEILT ANNA UTBYTTE AV
OLAVFESTDAGANE ENN EG. 

SÅ KANSKJE EG BØR GI DET EIN SJANSE EIT ANNA ÅR SOM DELTAKAR!?

mandag 8. september 2014

Eit eple om dagen...


Mykje tyder på at eit eple om dagen virkeleg er viktig for å halde seg frisk. 

Forskning har vist at frukt har ei positiv effekt på høgt blodtrykk og ein ny 

studie ved Ullevål sykehus skal etterprøve desse resultata. 

 
Eli Heggen, lege ved Seksjon for preventiv kardiologi ved Oslo Universitetssykehus, leder en studie som skal undersøke om frukt kan senke blodtykket. 45 pasienter med middels høyt blodtrykk deltar i studien. De følges nøye over 8 uker og må hver dag spise ett eple eller tre kiwi. Målet med studien er å finne ut om en av de to fruktene kan redusere blodtrykket. Man tror at det er vitaminene og antioksidantene som har effekt. Dersom det viser seg at frukten senker blodtrykket, betyr det at mennesker med litt for høyt blodtykk kan spise epler eller kiwi i stedet for å ta blodtrykksmedisiner. 
Se innslaget på NRK Nett-TV     (nytt vindu)                                                                                 


Epler er uansett sunt – med mye fiber, vitaminer og mineraler. I tillegg inneholder epler mye vann. Å få i seg nok vann er viktig for å kunne konsentrere seg godt over tid. Selv lett dehydrering kan gi hodepine og redusert mental arbeidskapasitet. 

Epler blir regnet som ”supermat”, dvs. mat som gir bedre immunforsvar og som er gunstig når det gjelder å forebygge sykdom. Så spis mer epler, men spis dem med skallet på, for 2/3 av fiber og verdifulle antioksidanter finnes nemlig mellom skallet og frukten!

Henta frå: Et eple om dagen...
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Så kanskje det er noko i ordtaket:

An apple a day keeps the doctor away?

-------------------------------
Ha fin ny septemberveke!!


mandag 26. mai 2014

Tenk om det går...




"Den som sier det ikke kan gjøres
bør ikke avbryte den personen som gjør det!"

"The person who says it cannot be done should not interrupt the person doing it!"

.....................................

HA FIN NY VEKE!

søndag 16. februar 2014

Lykke..

"Hvis du tror solskinn bringer deg lykke, 

da har du ikke danset i regnet."

....................


Bilete er tatt i dag.
Sol og regn "slåss" om kven som var sterkast.
Dei vann kvar sin gong.
Begge er livgivande og høyrer saman.
Etter lang tid med opphaldsvær gjorde regnet ekstra godt.
Og eg og mannen gjekk oss ein liten tur.
Herleg å kome seg ut!!

Deler på:

og


.......................
VONAR ALLE FÅR EI FIN NY VEKE!



tirsdag 11. februar 2014

Ordtak

                                     


             
  "Range vegen vert ikkje rett

           om det er mange som går han."

                                                                                             - Norsk ordtak -

tirsdag 12. februar 2013

Om å bry seg ein gong for mykje..



Har du opplevd situasjonar der du stussar på kva som er rett å gjere?
Der du lure på om det er rett å gripe inn?



"Det er best når enhver passer sitt, du ditt og jeg mitt."



Ein ettermiddag køyrde eg den yngste guten min til bussen.

Der la eg merke til ein bil som stod å gjekk...


Som vanleg var bussen ganske så mykje forsinka, vi stod der i ca. eit kvarter.

Etter at guten min var reist vart eg veldig i stuss. Burde eg kontakte den 

personen som sat i bilen eller la vere?

Kanskje personen var sjuk og trengde hjelp? Kanskje han var svimt av? 

Eg køyrde meg ei runde rundt og såg at personen låg bakoverlent i sete.

Eg stoppa bilen.

Med bankande hjerte gjekk eg ut av bilen og gjekk fram å banka på ruta.

Han som låg der sov, men eg vekte han. Og spurde: "Treng du hjelp?"

Han såg seg litt forvirra rundt og sa: "Nei, eg måtte berre kvile meg litt."

Eg beklaga forstyrrelsen så mykje. Men han sa: "Det går greit.."


Då eg køyrde der i frå tenkte eg på om det var rett det eg gjorde eller ikkje?

Burde eg ha tenkt slik ordtaket seier: 

Alle må passe sitt og ikkje bry seg opp i andre sitt!


Kva har bildet med teksten å gjere?

Innimellom er det faktisk godt at nokon byr seg om meg og mitt, 

og dei kan faktisk vere reddande englar når ting vert for vanskelege..


Kva ville du ha gjort??




fredag 30. november 2012

Om å stå på eigne røtter eller var det føtter?


Det er mange slags tankar ein gjer seg av heilt vanlege ting..
Tre sviblelknollar hadde lagt ei stund utan å bli sett i jorda.
Men plutseleg ein dag fekk dei mold under seg og raskt tok det til å skje noko..

Dei byrja å røyse seg opp og opp..
Ville stå på eigne føtter eller var det røtter..
Stilig!

Det fekk meg til å tenke på:

Gi barnet røtter til å vokse -
og vinger til å fly!
-Norsk ordtak-

Kanskje det første er det enklaste?

Pst: eg begynne visst  å bli litt lilla her inne no, Advent er rett rundt hjørne.
Og tenk, på tysdag kjøpte eg den 1.Julegåva dette året
Og til helga skal Julekorta skrivast, kanskje...

-fin dag til deg der du er-

onsdag 12. januar 2011

Himmelsk Vinter


Vinter kan faktisk vere Himmelsk ;-)
Det vert eit spesielt lys om vinteren..

Og på same måte som at kvar alder har sin sjarm,
så har vel kvar årstid også det?
---------------
Vil du også delta på Himmelsk?
Sjå innom Petunia då vel!



fredag 30. juli 2010


"Det högsta är ej

att falla utan att

resa sig efter

varje fall"

-okänd-


Dette ordtaket står på ein lapp inne i  ei T-skjorte 

(Kjøpt på Nordby - Norges største kjøpesenter i Sverige!)

Virkeleg eit ordtak å tenkje over!

....................................................

Måtte vi alle få ei flott siste Juli helg 2010!



mandag 12. april 2010

Lykke


Ein liten og søt bukett med snøklokker frå barnehand :-)


"Lykkelig er den som ikke sørger

over hva han mangler,

men gleder seg over hva han har!"


Dette er eit sitat som eg fann hjå Hilde Heimdal

Ikkje alltid så lett å leve etter, men det går no ann å prøve..


Ha ei vakker vårveke i ditt liv!!


torsdag 8. april 2010

Arbeid

DEN BESTE MÅTEN Å FÅ

EIT ARBEID TIL

Å VIRKE VANSKELIG PÅ,

ER Å UTSETTE DET.


Winston Churchill


Så då er det altså berre å sette i gang, ikkje sant?

Ha ein fin dag i ditt liv!!



fredag 19. mars 2010

Pause

AV OG TIL


GJER DET GODT Å TA EI PAUSE



I JAKTA PÅ LUKKA



OG BERRE VERE LUKKELIG!





Ukjent opphav



.....................................................





Ha ei vakker og kjekk helg i ditt liv,


og hugs det er lov å drøyme,


men det viktigaste er å leve HER OG NO!


KLEM TIL MINE NORSKE VENNER


KRAM TIL MINE SVENSKE VENNER


KNUS TIL MINE DANSKE VENNER


;-)

mandag 1. mars 2010

Ingen som er blitt elska forsvinn

Enkelte av mine leserar har berre sett rare teikn på dette innlegget. 
Difor la eg det inn igjen på nytt og vonar alle kan sjå det som står her.

Ingen som er blitt elska forsvinn,
men lever vidare i hjarta våre!


Kvardagen er komen, livet må gå vidare.
Sorg og sakn riv i hjartet mitt.
Men samtidig får eg kjenne meg takksam.
Eg fekk ha pappa til eg sjølv var vaksen.
Ikkje alle som får oppleve det, og mine tankar går
til alle dei som mistar foreldra sine medan dei sjølve
berre er barn og ungdommar.
Eg fekk ei nydeleg helsing frå Anne Grete,
den vil eg dele her:


"Så er pappa alltid pappa.
Og i sorgen er vi alltid barn.

Håper du klarer å verne godt om deg selv,
gi deg selv tid, ro og omsorg til å sørge,
gråte og tenke igjennom livet ditt med pappaen din.


Og til å gå videre.
Ikke uten sorgen og minnene. Men med."

fredag 19. februar 2010

Takk

TUSEN TAKK FOR ALL OMSORG
EG HAR FÅTT ETTER ATT PAPPA DØDE.
DET VARMAR MEIR ENN DYKK ANAR!

Denne flotte adwarden har eg fått med Pink Moon. Tusen takk!

Det er Elin som har laga den.

Eg har lyst å dele den ut til Solveig, Miamor, Elisabeth og Marie.


YNSKJER ALLE SOM ER INNOM SIDA MI EI VAKKER HELG OG HUGS:


Det store i livet ligg ikkje foran deg,

men hjå deg her og no!

Vi kjenne aldri ein tings verdi

før vi har mista den.


torsdag 28. januar 2010

frykt og tillit




frykt banket på døren

tillit åpnet

det stod ingen utenfor


asiatisk ordspråk

Ynskjer alle mine bloggvenner ei riktig god helg i inn og utland!