refleksjon (av lat., jf. reflektere). 1. Tilbakekasting (av lyd el. lys); avspeiling, gjenspeiling. 2. Ettertanke, overveielse. Gjøre seg sine refleksjoner, tenke sitt. frå www.caplex.no.
lørdag 2. juli 2016
God Sommar!
onsdag 10. juli 2013
Sommarsyssel
søndag 8. januar 2012
Nytt innhald
tirsdag 16. august 2011
P for piano
Full fart med oppstart på jobb. Og denne helga reiste eldste guten ut i verda.
Så kvardagen med fem i huset er blitt til fire. Rart, vemodigt, men naturleg...
torsdag 20. januar 2011
Gamle skattar
Tinos har ei utfordring om å vise muggar.
Då fann eg ut at desse gamle skattane er vel
verdt å vise til andre.
Erindrings kanna og koppen er arv etter foreldra mine.
Mugga er kjøpt på gjenbruksbutikk.
Har også lagt det inn på bloggen til Lenemora`s verden på Gammeldags fredag!
lørdag 6. november 2010
Historie
To puter har fått ny heim..
Dei er ikkje trendy og på moten..
Dei har levd eit liv før dei kom i vårt hus..
Om dei kunne fortelle si historie om opplevingar,
sorg og gleder ville det vore spennande å vere tilhøyrar.
Men mest av alt trur eg dei er glade for å ha kome fram i lyset igjen.
Og så syns eg dei passar godt i den gamle fine sofaen vår.
Tenk kor mykje arbeid som skulle til før desse Hardangersaum
putene vart ferdige..
Trur at den som laga dei ville blitt glad for å sjå dei i bruk..
............................................................................................................
No er det pizza på menyen i mitt hus :-)
Vonar du og dine får ein fin kveld og ein god søndag!!
Ps: Ikkje gløym å vere med på Novemberdikt utfordringa mi.
Du finn den her.
fredag 13. august 2010
onsdag 28. juli 2010
Bestefar
Skal tru kva Bestefar hadde sagt
om han hadde sett kva som står på trappa vår?
Tenk å bruke ei av melkespannene hans
til å ha blomar i!
Eg syns det er fint med gjenbruk :-)
Tenk for eit slit det var i gamle dager..
Melkespannene skulle fyrst fyllast
og fraktast til melkerampen,
når dei var tømt vart dei frakta tilbake
på melketrilla..
Så skulle dei reingjerast før dei skulle fyllast igjen..
Ein stadig rundgang som varte
i mange, mange år..
No er den tida slutt i mi slekt
og spanna står på trappa
og minner om ei tid som var...
tirsdag 25. mai 2010
Kvardagsgleder
To raude roser i to grøne flasker som sola kastar sine strålar på..
Det kallar eg ei kvardagsglede..
Måtte vi alle få ei god arbeidsveke!!
fredag 1. januar 2010
Hjarteleg Velkomst
- Du går i skapet og finn ein ullgensar som ikkje vert brukt, den tovar du.
- Så klipper du ut hjarte og pyntar det.
- Gå ein tur i skogen (gratis trim), der finn du nokre bjørkegreiner som du formar til eit hjarte.
- Så festar du ullhjarte på bjørkehjarte.
- Og vips, så har du fin pynt å henge opp der du vil.
søndag 6. desember 2009
Adventsglimt frå kjøkkenet
mandag 30. november 2009
GJENBRUK
- Hive det?
- Gøyme det for at eg ein vakker dag kunne veve med det? (Ja, eg har ein vev-stol, men..)
- Få nokon til å lage noko?
Alternativ 3 vart valgt!




