Eg veit at denne kvitveisen eller symra ser litt "trøytt" ut.
Men den måtte "vekkast" i går kveld fordi eg plutseleg kom på at eg trengte eit bilete av den ;-)
Ho står, den kvite symra,
den fyrste blom i år,
der like inn på snøen
i sine tronge kår.
Ho står i kvite klede
så fager som ei brud.
Sjå henne vel i auga,
Då har du skoda Gud.
Eit bod frå himmerike,
ein fattig liten svein
som helsar frå Gud Fader:
Du er min perlestein.
Min Gud, du ser mitt hjarta
og all min vesaldom kled
sjeli i din nåde
så kvit som denne blom!
Anders Hovden