Viser innlegg med etiketten Nytt År. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nytt År. Vis alle innlegg

lørdag 2. januar 2016

VISDOM


Gud, gi meg sjelefred til å godta de tingene jeg ikke kan forandre, 
mot til å forandre de ting jeg kan endre, 
og visdom til å se forskjellen.

Eit nytt år! 
2016 heiter det nye året. 
2015 er borte. 
Men spora etter det ber vi med oss, 
slik spora vi sette dette nye året vil bli med oss vidare. 

Eg kjenner på at sitatet av Frans av Assisi er viktige ord å ta med seg på veg inn i det nye året.

GOD HELG!

torsdag 31. desember 2015

JULEROSA


JULEROSA SÅ VAKKER EIN BLOME.
DEN HAR STÅTT PÅ TRAPPA I NOKRE VEKER.
DEN HAR TOLT KULDE OG FROST.
(og  15 grader + i går kveld!!)



Det vert fortalt at ei lita jente fulgte dei tre vise menn til krybba der Jesusbarnet låg. Dei brakte med seg flotte gåver som dei overrakte til barnet, og jenta ville også så gjerne gitt ei gåve, men hadde ingen ting. Hun vart lei seg, gjekk vekk og gråt stille. Da såg ho at der tårene hennar falt, vokste det opp vakre blomster. Ho plukka dei, og gav blomane i gåve til barnet i krybba. Det var dei fyrste julerosene.
Ei historie like vakker som julerosa sjølv. 
...............
MED DENNE LEGENDA VIL EG TAKKE DOKKE ALLE FOR 2015
OG YNSKJE DOKKE
EIT VELSIGNA GODT NYTT ÅR! 

onsdag 7. januar 2015

Kjære Halvor Bakke!




(Dekorasjonen har eg laga sjølv, for dei som lurte. Ha-ha))
(Det vakre ♥ fekk eg med ei god vennine til Jul. Takk Marit!!)

Tenk at i mitt hus finn du enno Julepynt!
Står der og gleder meg sjølv om 7 dagar av det nye året er omme.


Eg drikk fortsatt kaffi frå Julekrus.


Og det vakre Englehjertet mitt som Hulda har laga
heng fortsatt framme.

 Juletreet er ute av huset.
Ikkje fordi eg var lei av det, men når treet dryss 
og stova ikkje spesielt stor er valget lett.


Eg seier som ein kollega, eg tek fram Julepynten når eg vil 
og pakkar den ned når det passar meg.
......................

torsdag 1. januar 2015

GODT NYTT ÅR!




Med bilete av vakre raude tulipanar som vi fekk med naboane til Jul
ynskjer eg dokke alle
GODT NYTT ÅR!

Denne fine pynten vann eg hjå Siri frå bloggen "reSIRIkulert"
Ho meinte det kunne vere til/frå lappar, men det syns eg dei var for fine til.
Tusen takk!

Vonar dokke har hatt ei koseleg Jul.
Takk for fin kontakt med kjekke bloggvenner også gjennom 2014.
Det vert nok eit og anna innlegg i 2015 også, trur eg.

Eg helsar dokke alle med:

"For eg veit kva tankar eg har med dykk, 
seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. 
Eg vil gje dykk framtid og von." 

onsdag 12. februar 2014

Tida ei gåve!




"All we have to decide is


what to do with the time that


is given to us!"

.
....................


Tida ei gåve!

Hm.. tankevekkande!

og no har vi snart "brukt opp" 1 1/2mnd av 2014...

Ofte kan ein høyre folk seie tida "flyg" ..

Gjer ho det, eller kjem ho?

......

Bilete er ikkje snikreklame for SAS,
men eit bilete på tida som flyg ..

ps: har ofte tenkt det hadde vore herleg å kvilt seg på 
bomullskyene, dei ser så mjuke ut. 




onsdag 1. januar 2014

Nytt år 2014


Det nye året starta med eit smell. Og masse fargar. 
Og eg slapp å bruke pengar på det fordi "alle andre" gjorde det.

YNSKJER DOKKE ALLE 
EIT VELSIGNA GODT NYTT ÅR!!


søndag 6. januar 2013

Himmelsk 2013



Den fyrste dagen i det nye året..
Dei fyrste stega i ei "ny" verd..

Eg såg sola stråle og måtte ut..
Ut for å fange dei fyrste solstrålane dette året ville gi meg.


Gyllent
Landskapet
blir gyllent
når solen
skyver
skyene
til side
legger seg
mildt
over livet
som
varme
følelser
i sjelen
av et smil

frå Tove Houck: Spor i et hjerte (Lunde forlag)
Gjenngitt med løyve frå forfattaren!

Seinare på dagen gjekk eg ein liten tur i fjøresteinane i herleg opphaldsver
og fanga inn gode skinnande minne frå årets første dag.
Dei har eg delt med dokke her.

Viktig prioritering..
For dei dagane eg er på arbeid er det mørkt når eg reiser og når eg kjem heim..

Vår kjære Petunia fortsette med Himmelsk også i 2013.
Litt seint, men ikkje for seint er dette mitt bidrag til

                                                                                   

tirsdag 1. januar 2013

Hver dag er en sjelden gave

 
 
 
Hver dag er en sjelden gave, en skinnende mulighet.
Hver dag er på ny en nåde som stiger fra himlen ned.
 
Hver dag er igjen et ansvar, et nytt og et hellig krav.
Hver aften står hvite stjerner og spør deg hva du gav.
 
Hver aften står hvite stjerner og blinker i himmeriks by.
Hver morgen går Gud over landet og vekker din vilje på ny.
Mads Nielsen
 
 

Så kom eit nytt år og banka på..
Eit nytt år med nye timar, dagar og månadar..
Blanke ark og fargestiftar til..

Det kan vere godt å få starte på nytt.
Legge det gamle bak oss.
No er 2012 historie og minner.

Og 2013 er framtid og håp.
Håp om at ting skal bli betre.
Håp om at livet skal vise seg frå nye sider.

Kanskje du har eit Nyttårsfortsett?
Kanskje du skal begynne med noko?
Eller kanskje det var noko du burde slutte med?

Til eldre eg blir ser eg det så altfor ofte..
Ups I did it again...
Kvardagen kjem så altfor ofte brått på.
Og livet er slik som i fjor og i forfjor.

For meg har sangen eg siterar over her
fått ei sterkare meining i dei siste åra.
Kvar dag er ein ny dag.
Kvar dag er ein ny start.
Gitt til oss som ei gåve.

Vi har så lett for å ta for gitt at det livet
vi no lever skal fortsette akkurat slik det er.
Så kjem sjukdom eller anna endring..
Alt blir snudd opp ned og ut inn.

Difor min venn:
 
-GODT NYTT ÅR-
...men ikkje gløym at...
 
KVAR DAG ER EI SJELDEN GÅVE!


torsdag 5. januar 2012

Himmelsk fjellgard



Petunia held Himmelsk fotoutfordring gåande også i år.
Her kan ein dele bilete som også kan glede andre.


Denne gongen falt valget på eit sommarmotiv.
Frå den øverste fjellgarden kom mamma mi.
Eit strevsamt liv der ein måtte i båt for å kome på skule
eller butikk. Ein kvardag vi ikkje kan fatte og forstå.


Vi vil alltid tenke at vi sikkert kunne
hatt det betre på den eine eller andre måten.
Det er viktig å lære seg å vere takknemleg for det ein har!


Samtidig kan vi ha mål for ting ein ynskjer.


Begge deler kan vere rett..


......................................................................


Ved begynnelsen av det nye året
kan du tenke over hva du har
oppnådd hittil i livet, og være takknemlig for det.


Men ikke slå deg til ro.
Bestem deg for å strekke deg mot høyere mål,
så kan du nå dem.

henta frå "Oppmuntringer for hver dag" samla av Maria Fontaine

..................................................................................................
ps: Takk for alle god betring ynskje. 
Er på betringens veg, men det sit i kroppen enno.

søndag 1. januar 2012

Himmelsk Godt Nytt År 2012


Med dette fyrverkeribilete ynskjer eg alle 
som er innom meg på bloggen


GODT NYTT ÅR!


Ta turen innom
PETUNIA
4987378325_b77095bd20_b[1]
som inspirerar oss til
å vende blikket opp og ta himmelske bilete.
.........
Har Bronkitt ved inngangen til det nye året,
så er ikkje i verken blogg eller kommentere form.
Men vonar 2012 vil gi oss mange gode
Bloggminner og nye bekjentskap.


Godt Blogg År 2012 ;-)

torsdag 6. januar 2011

Skjær pent av osten



Når eit nytt år startar er det svært mange som 
har reglar om alt ein må eller ikkje må gjere eller ete...

Tenkte eg kunne foreslå noko som ein kanskje
kan klare å gjere: 

SKJÆR PENT AV OSTEN!


søndag 2. januar 2011

..skal dei verte kvite som snø..

      
 Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.

        Om syndene dykkar er som purpur,
        skal dei verta kvite som snø;
        om dei er raude som skarlak,
        skal dei verta kvite som ull.

Jesaja 1, 18

Eit nytt år med blanke ark og fargestifter til..
Men eg kjenner meg sjølv så godt at eg er
akkurat den same i 2011 som i 2010.
Difor er desse orda frå Bibelen like gode og sanne
i år som i fjor.


Måtte vi alle få eit Godt Nytt År! 


søndag 3. januar 2010

Skjulte skattar

Veit du at skattar kan ein finne overalt?
Midt i trist lauv låg denne vakre "diamanten"!

Sjå rundt deg.....
Kanskje du finn "diamantar" på uventa stadar du også?

Livet er ikkje berre svart- kvitt, men har mange nyansar....
Det er viktig å hugse på å sjå etter dei skjulte skattane vi har rundt oss
og ta vare på augneblinken vi lever i...

Kanskje det kan vere eit nyttårs-fortsett?

onsdag 30. desember 2009

Den annsame

Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter,
dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld om å fare fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.
Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar er det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på veien,
men nådde han aldri att.

Jan-Magnus Bruheim



Når eit nytt år er rett rundt "hjørnet" tenkjer ein ofte over livet,
kva det har gjeve eller kva tap ein har hatt dette siste året.

Kanskje vi har det så travelt at vi ikkje har tid til å stoppe opp
for å kjenne at vi lever?

Kanskje vi er lik den annsame
som gleda ikkje greier å nå igjen?



Med ynskje om eit
Flott og Godt Nytt År
til dokke alle frå Sigrid