Viser innlegg med etiketten Fedrelandet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fedrelandet. Vis alle innlegg

søndag 17. mai 2015

Gratulere med dagen!


Vonar alle har hatt ein flott 17.mai!
...............
Image0009

 Gud signe vårt dyre fedreland
 
 Gud signe vårt dyre fedreland,
 og lat det som hagen bløma.
 Lat lysa din fred frå fjell til strand
 og vetter for vårsol røma.
 Lat folket som brødre saman bu,
 som kristne det kan seg søma.
 
 Vårt heimland i mørker lenge låg,
 og vannkunna ljoset gøymde.
 Men, Gud, du i nåde til oss såg,
 din kjærleik oss ikkje gløymde,
 du sende ditt ord til Noregs fjell,
 og ljos over landet strøymde.
 
 Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
 me fåfengt på huset byggja.
 Vil Gud ikkje verja by og land,
 kan vaktmann oss ikkje tryggja.
 Så vakta oss,Gud, så me kan bu
 i heimen med fred og hyggja!
 
 No er det i Noreg atter dag
 med vårsol og song i skogen.
 Om sædet enn gror på ymist lag,
 det brydder då etter plogen.
 Så signe då Gud det gode såd
 til groren ein gong er mogen.

 Elias Blix

mandag 28. juli 2014

Å nyte dagen ved Svartevatnet












Eit lite "bilderas" frå ein nydeleg sommardag.
Kart får den på "kjøpet" som har sjansen til å ta same turen.

Det er vakkert dette landet vårt!!

Ha fin ny veke!

....................
linka til: Skywatch Friday

onsdag 20. november 2013

Røros i ♥ av Noreg


Vakre Røros kirke!



Flotte gamle hus i gatene!
.............

Om du ein dag får lyst til å vere turist i ditt eige fedreland vil eg annbefale deg turen til Røros.
Ein vakker stad med historisk sus.

tirsdag 17. mai 2011

GUD SIGNE VÅRT DYRE FEDRELAND

Gud signe vårt dyre fedreland
og lat det som hagen bløma!
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma!
Lat folket som brøder saman bu,
som kristne det kan seg søma!


Vårt heimland i mørker lenge låg,
og vankunna ljoset gøymde.
Men, Gud, du i nåde til oss såg,
din kjærleik oss ikkje gløymde;
du sende ditt ord til Noregs fjell,
og ljos over landet strøymde.


Og Noreg det ligg vel langt mot nord,
og vetteren varer lenge;
men ljoset og livet i ditt ord
det ingen kan setja stenge.
Om fjellet er høgt og dalen trong,
ditt ord heve då sitt gjenge.


Så blømde vårt land i ljos og fred,
det grodde så grønt i lider.
Men atter seig natt på landet ned
med trældom og tunge tider.
Og folket det sukka etter ljos,
og du lyste opp om sider.


Og morgonen rann, og mørket kvarv,
som lenge vår lukka skygde.
Du atter oss gav vår fridoms arv
og honom i trengsla trygde.
Du verna vårt folk og gav oss fred,
og landet med lov me bygde.


Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje vera by og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu

i heimen med fred og hyggja!



No er det i Noreg atter dag
med vårsol og song i skogen.
Om sædet enn gror på ymist lag,
det brydder då etter plogen.
Så signe då Gud det gode såd,
til groren ein gong er mogen!



Elias Blix




GRATULERE MED DAGEN!