torsdag 31. januar 2013

Himmelsk spor



En håndfull
sekunder
av evigheten
har livet 
gitt oss

til
å sette 
spor i et hjerte.

frå Tove Houck: Spor i et hjerte
(Lunde forlag)
(gjengitt med tillatelse frå forfattar)
.......................



UANSETT KVEN DU ER ELLER KVA DU GJER HER I LIVET 
VIL DU SETTE SPOR ETTER DEG!
KVA SPOR YNSKJER DU Å SETTE?


Lenge sidan sist eg sette "spor" etter meg her på bloggen.
Ei hektisk veke, der eg har vore opptatt både på dagen og om kvelden.
Ei veke der det vart litt lite "Sigrid tid".
Vonar at det eg har brukt energi på denne veka har
gitt gode spor i ♥ til dei eg har møtt!




GOD HELG!
..............................
Innlegget er lagt inn på

HIMMELSK
HJÅ PETUNIA

4987378325_b77095bd20_b[1]




torsdag 24. januar 2013

Himmelsk Hvis




Hvis vi ikke hadde noen vinter

ville ikke våren vært så deilig.

 Hvis vi ikke av og til møtte motgang,

 ville gode tider ikke være så velkomne.



-Anne Bradstreet-


Mitt bidrag til Himmelsk denne veka!

4987378325_b77095bd20_b[1]


Besøk 

Petunia for fleire Himmelsk motiv !

Eller kanskje du vil vere med sjølv også?


No også lagt inn på Skywatch Friday!


FIN TORSDAG TIL DEG!



onsdag 23. januar 2013

Hentet


 

Barn har en egen måte å bruke språket på.
I barnehagen der sønnen min går,
blir de for eksempel "henta".
Sunniva, du er henta!
roper de, når for eksempel Sunniva blir hentet,
og Sunniva slipper det hun har i hendene
løper hvinende
nedover skråningen rett i armene
på den som står ved porten
og er kommet for å hente.


Når også jeg en gang 
får øye på at noen står i porten
og skal hente meg
da håper jeg at det vil skje
nøyaktig slik.


 Johann Grip

Johann Grip (f. 1964) debuterte i 2002 med den kritikerroste samlingen Enkle dikt. Enkeltdiktet «Hentet» høstet mange lovord og ble blant annet kåret til lytternes favoritt i NRK radio. Romanen Den korte veien hjem kom i 2005, og i 2007 utkom romanen Reisen fra Karawankene. Johann Grip har vært redaktør i Vagant og Lyrikklubben, og har gjendiktet blant andre Catullus og Horats. (henta frå her)

mandag 21. januar 2013

Takk og oppsummering

(Vakker dekorasjon fotografert i systå sin gang.)

No har eg blogga i over 3 1/2 år og dette er innlegg nr.506.
Mitt fyrste innlegg finn du her:
Alltid så kjekt å sjå innom e-posten for 
der dukkar nye kommentarar fyrst opp. 
Er SÅ glad for alle som fyl bloggen min og 
for alle dei som legg igjen ein kommentar. 
Så denne vakre dekorasjonen er ein takkeblome til alle dokke!
........................

Rett før Jul var eg så heldig å vinne ei gåve:

Dette vakre teppe kom som ei Førjulsgåve frå Miss Mette. Tusen takk Mette!
Stikk gjerne innom den flotte inspirerande bloggen til Mette.

.....................................

Og i Romjula hadde Bente trekning på sin Julegiveaway 
og der vart eg ein av vinnerane.


Tusen takk Bente!
Besøk den flotte og kreative bloggen:
Bentes Quiltehage

.....................................

Når så mange finn vegen innom den vesle bloggen min 
gir det lyst til å fortsette.
Så dette er ikkje Takk og Farvel,men 
TAKK og PÅ "GJENSYN"!

torsdag 17. januar 2013

Himmelsk flytur


Mitt bidrag til Himmelsk 
4987378325_b77095bd20_b[1]
denne veka er eit bilde eg fanga på ein liten snartur.
Høgt opp såg eg ei lita kvit stripe på himmelen.
Skal tru kvar dette flyet skal? Og kven er dei som er i flyet?

Nokre dagar seinare var det min tur til å flyge. 
Og nokon andre såg kanskje mitt fly.

Det er inspirerande å få kome på kurs. Få påfyll til ein hektisk kvardag.
Kjekt å møte dei ein har felles fagleg ståstad med. 
Treffe igjen dei ein har møtt tidlegare på liknande kurs.

Og ikkje så verst å få bo på hotell :-)

Vonar din dag er god!

tirsdag 15. januar 2013

Måtte berre


kjøpe tulipanar til helga!
Fargane gjer meg glad :-)

Vonar du som er innom bloggen får ei fin veke vidare!!


torsdag 10. januar 2013

Himmelsk helsing



Innimellom kastar eg lengselfulle blikk ut av vindauga.
Slike dagar har ein lyst til å slå saman laptoppen og ta fri.
Men med eit så flott langtidsvarsel har ein sjanse 
til å få sol og frisk luft til helga også.

Langtidsvarsel
KlarværKlarværKlarværKlarværDelvis skyetDelvis skyetKlarværDelvis skyetDelvis skyet
Ja, det er rett og slett Himmelsk januarvêr!
Dette er mitt bidrag til
4987378325_b77095bd20_b[1]


  
          1 Eg lyfter auga mine til fjella.

         Kvar kjem mi hjelp ifrå?
          
     2 Mi hjelp kjem frå Herren,
          som har skapt himmel og jord.
          
     3 Han vil ikkje la foten din vakla,
          din vaktar vil ikkje blunda!
          
     4 Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje,
          Israels vaktar.
          
     5 Herren er din vaktar,
           Herren er din skugge
          ved di høgre hand.
          
     6 Sola skal ikkje skada deg om dagen,
          heller ikkje månen om natta.
          
     7 Herren skal vara deg frå alt vondt.
          Han skal verna om ditt liv.

          
     8 Herren skal vara din utgang og din inngang
          frå no og til evig tid.


På You Tube:

Jeg løfter mine øyne opp til fjellene - Tore og koret



Spontandikt, skrive på inspirasjon frå bloggen Refleksjon på livsvegen, som la ut ei helsing frå Salme 121 i Bibelen. Legg merke til på bildet: Sola, ikkje synleg, men likevel til stade og heilt naudsynt for å kunne sjå landskapet klart. Slik er Gud!