fredag 5. november 2010

Visste du at…

bilde og info funne hjå Grethe Roede


… du forbrenn 100 kalorier når du sorterar, 
vaskar og legg saman tøy i samanlagt 
47 minutt?

Tenkte det kunne vere ei oppmuntring for 
alle som styrer og steller i huset :-)

God helg!

onsdag 3. november 2010

Himmelsk Glød


Det er tid for Himmelsk igjen hjå Petunia.
Denne gongen vil eg vise eit Himmelsk bilete som vart tatt på ein tur vi hadde i haust.

Slike vakre kveldar må nytast...

Fleire Himmelske bilete er å finne hjå Petunia...

For dei som enno ikkje har fått tid til å skrive eit Novemberdikt,
det er fortsatt tid igjen.
Sjå innom her og legg igjen ditt bidrag.
Takk til alle som alt har gjort det. Eg er mektig imponert!!

mandag 1. november 2010

November er så trist...

 November er så trist og grå,
men nyttig likevel,
for nå må barna tenke på
og lage moro selv. 

Dette verset er henta frå månadssangane av Alf Prøysen
som eg lærte på barneskulen i "gamle dagar"..

Då eg skreiv dette til Marit med bloggen 


svarte ho meg med eit sjølvlaga dikt:

For november står for dør
og vil så gjerne inn.
Men jeg vil reise lenger sør
til sol og sommarvind.

Samtidig utfordra ho meg til å dra i gang ein diktkonkuranse 
om månaden november.

Den utfordringa tek eg på strak arm!

Alle som skriv eit lite NOVEMBERDIKT 
vert med i trekninga om ein aldri så liten premie. 

Frist 30.nov 2010!

Tek DU utfordringa?

søndag 31. oktober 2010

KNASK ELLER KNEP?

BILDE HENTA FRÅ GOOGLE SI FRAMSIDE

SA EIN GJENG MED FÆLT UTKLEDDE BARN DÅ DEI RINGTE 
PÅ DØRA VÅR I KVELD.


"MEN EG HAR SÅ LITE Å GI OG DOKKE ER SÅ MANGE.." 
BERRE TRE SMÅ SJOKOLADAR VAR IGJEN I LAURDAGSGODTEPOSEN..


"DET GJER INGENTING, 
FOR VI SKAL DELE!"


DEI FEKK DET VESLE EG HADDE, SA TUSEN TAKK 
OG SPRANG FORNØGDE AVGARDE TIL NESTE HUS..


EG STOD ATT PÅ TRAPPA OG TENKTE:

VISS DEI LÆRER Å DELE SÅ ER DET IKKJE 
SÅ GALE MED HALLOWEEN ALIKEVEL!

lørdag 30. oktober 2010

På tide


å skifte ut sommargardinene no..


Det er eigentleg ikkje gardiner :-)


Men rett og slett ein duk eg fekk 
av mi kjære svigermor..


No er eg i grublefasen på kva som no 
skal få lov å kome opp..


Julegardiner er det for tidleg å ha opp..
Trur eg må tenke meg godt om..


Ha kjekk laurdagskveld!


NB: Hugs å stille klokka 1time 
mot nærmaste sommar!

fredag 29. oktober 2010

lys over..

saka! Det vart det når denne kom i hus...

Men mest av alt minner lyset meg om han som sa:

 «Eg er lyset i verda. 
Den som følgjer meg, 
skal ikkje vandra i mørkret, 
men ha livsens lys.» 
- Joh 8,12 -

(Eit finn.no kjøp dette..
Har visst ei historie som lys på eit hotell...)

GOD HELG!


torsdag 28. oktober 2010

Hjarte frå Anna Lisa


Bileta er lånt frå Anna Lisa sin salsblogg Made by heart


Av og til er ein meir enn heldig!
Og det er nettopp det eg har vore i det siste..
Rett før eg kjøper ein lotto kupong ;-)
For no har eg fått enno ein give away premie i hus.

Anna Lisa
med den koselege bloggen
har laga meg eit flott hjerte
og eit flott kjøkken/pyntehandkle til!

Tusen ♥ takk!!