onsdag 28. april 2010

Symra


Eg veit at denne kvitveisen eller symra ser litt "trøytt" ut.

Men den måtte "vekkast" i går kveld fordi eg plutseleg kom på at eg trengte eit bilete av den ;-)



Ho står, den kvite symra,

den fyrste blom i år,

der like inn på snøen

i sine tronge kår.

 

Ho står i kvite klede

så fager som ei brud.

Sjå henne vel i auga,

Då har du skoda Gud.

 

Eit bod frå himmerike,

ein fattig liten svein

som helsar frå Gud Fader:

Du er min perlestein.

 

Min Gud, du ser mitt hjarta

og all min vesaldom kled

sjeli i din nåde

så kvit som denne blom!

Anders Hovden

tirsdag 27. april 2010

Månelyst


Sjå så vakker månen er i kveld..


Snøen ligg i fjellet enno,

og månen klarer ikkje å smelte den..

Men han lyser ikkje av seg sjølv..

Han reflekterar sola,

og sola vil nok smelte den siste rest av snø.

Ein må ikkje miste vona på at våren vil sigre over vinteren :-)


søndag 25. april 2010

Å være rik



Har du venner,
betrakt deg da som rik.
Menander

DET FINST SÅ MANGE FLOTTE OG FINE SITAT OM VENNSKAP..
FEKK LYST Å DELE DETTE MED DOKKE I DAG.

RIKDOM BESTÅR IKKJE BERRE AV PENGAR
OG DET VI KAN KJØPE FOR DEI.

YNSKJER ALLE EIN FLOTT SØNDAG
OG EI KJEKK ARBEIDSVEKE :-)

fredag 23. april 2010

Termokrus

For ei lita stund sidan hadde ÅPENT HUS blogglotteri.

Og gleda var stor når eg fekk vite at eg var ein av vinnerane.

Så no drikk eg av den rutete krusa. Heldige meg :-)

Den held like godt på kald som på varm drikke.


Sjå innom henne, ho har ein spennande interiørblogg.

Akkurat no skin sola inn vindauge. HÆRLEG!!

God helg, kjære bloggvenner
OG TAKK FOR OMSORG!!!

tirsdag 20. april 2010

Sorg



Sorg går ikke over.

Den tar bare en annen form.

En sorg ligner på havet.

Til å begynne med er bølgene veldig krappe.

Så kommer dønningene,

men det blir aldri mer havblikk.

Iben Sandemose


.................................................................................................


Midt i sorga etter pappa fekk eg ein telefon i dag

som satte meg heilt ut..

I natt døde eit søskenbarn av meg berre 53år gamal...

Ord blir fattige...

Tankane mine går til tante, søsken, kone og to born...


Kvil i fred kjære KJ!

mandag 19. april 2010

Å høyre til...



Ei tid var,

ei anna vart.

Slik har det alltid vore, 

slik vil det alltid bli.

Vi høyrer til i fortida,

vi høyrer til i framtida.

Men mest av alt høyrer vi til her og no!


Sigrid, april 2010


søndag 18. april 2010

Sakn


Det å savna


Det er eit privilegium
å kjenna savn.
Vondt, ja
og tungt.
Men det fortel
om ein nærleik
som var.
Om varme, lys
og latter.
Det å savna er
den andre sida
av det å ha fått.
Å ikkje kjenna
savn, ville vera å
aldri ha elska.


Bente Bratlund Mæland