Viser innlegg med etiketten fellesskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fellesskap. Vis alle innlegg

tirsdag 28. oktober 2014

Saman og alikevel to steg tilsides frå kvardagen..



(forts på: Omveg til Geiranger)
Vi kom oss endeleg over fjorden frå Hellesylt til Geiranger. 
Ein flott fergetur som turistane elskar å ta om sommaren. 
Litt forsinka kunne vi starte på kurset vårt.

Når ein er saman med SÅ mange folk som har ansvar for barn og unge i kommuna der eg arbeider er det ei heilt spesiell atmosfære. Vi har så mangt å snakke om og så mangt å dele. Godt å vere ein del av eit stort fellesskap som har eit hovudmål: "Saman for barn og unge". Kjekt å bli betre kjende med kvarandre, det gjer det lettare når ein seinare skal ha kontakt.

Alikevel var det godt å kunne trekke seg litt vekk på rom 350 på Union Hotell. Nyte den vakre utsikta. Nyte det å vere aleine.

Litt hotell luksus er det også godt å kunne nyte!

Forts følger :-)

lørdag 18. oktober 2014

Minne frå Dwór Oliwski


Mi helgeglede er minne frå sist helg. 
Søstra mi inviterte meg til Polen og til Dwór Oliwski ca.20min frå Gdansk.

Vi reiste torsdag ettermiddag frå Vigra og med direktefly tok det berre 2timar 
før vi landa i Gdansk.

Fredag, etter ein nydeleg frukost, gjorde vi oss kjent i området rundt hotellet.

Denne vesle vevkjerringa sola seg på toppen av gjerdekula og eg fekk "fange" 
ho før ho sprang vidare for å arbeide på veven sin.


Takk til søstra mi (m/fam) for ei minnerik 50års gåve ♥
..............................
GOD HELG!

lørdag 8. juni 2013

Sprek?

Nei, langt derifrå!
Men av og til må ein utfordre seg sjølv også på det ein ikkje er god i..

Så når "Sosialsjefen" på jobb hengte opp liste for påmelding 
til Jentebølgen 2013 våga eg å melde meg på.

I plaskande regnvær stilte vi opp 9stk frå jobb saman med 
neste 2000 andre jenter i alle alderar og med ulik kondis ..

Her kunne ein GÅ, jogge eller springe 5km gjennom 
Ålesund sine gater.

Her varmar vi opp!

Og i mål kom eg til slutt etter å ha GÅTT dei 5km 
saman med ei frå jobben.
Takk til LKK som gjekk saman med meg.

Dette er startnummeret mitt. 

Og eg var ikkje nr.590 i mål, heller nr.2000 ;-)

Det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta!

God helg til deg!