Viser innlegg med etiketten dialekt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dialekt. Vis alle innlegg

onsdag 13. januar 2010

IVAR

Dette er Ivar...
Nei, det er ikkje mannen i mitt liv ;-)
Men han har prega livet mitt i mange, mange år.
Ivar Aasen han som ofra kjærleiken pga språket.
Tenk for ein innsats han gjorde for nynorsken. Og det på ei tid utan den kommunikasjonen vi har i dag.
I mi ungdomstid skreiv eg særoppgåve om han. Og gjennom det vart eg meir klar over mi eiga dialekt og mitt eige skriftsspråk.
Det å verte klar over eigen identitet er faktisk svært viktig!
Den som vil lese meir om Ivar finn det her.

bilete av han har eg faktisk hengande på ein vegg og det er det som er avfotografert

torsdag 13. august 2009

Raggetid?

Ragger..
Sokker....
Raggsokk....
Strømper....
Lestar... (dialekta di, sa mi vennine E)
Lugga... (tenk å gløyme det, takk at du minte meg på det Miamor!)
Tjukkesokka! (Haust)
Uill læsta!! (kari-carpe diem)
Kom gjerne med ditt ord for det du har på fotane dine ;-)

Kjært barn har mange namn blir det sagt..
Men for meg som likar meg best utan er dei vel ikkje så kjære... eller?

Når gradestokken ute kraup heilt ned på 8,5 i går kveld kjende eg at no berre måtte eg kapitulere....

Eg som i månadsvis berre har brukt mine herlege sandalar utan noko inni fann fram eit par og drog dei raskt på meg...

Å så herleg - dei varmar så godt!

Alt til si tid er det noko som heiter..
Og kanskje den er komen no; RAGGETID!