Viser innlegg med etiketten avis. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten avis. Vis alle innlegg

søndag 23. november 2014

To small to make a difference?


If you think you are to small to make a difference ..

- try sleeping with a mosquito. 

- Dalai Lama -

Hvis du trur du er for liten til å gjere ein forskjell.. 

- prøv å sove med ein mygg.

-fritt oversatt av meg-
................................................................................


DET ER EIT STORT FOKUS PÅ DEI SOM IKKJE HAR DET BRA 
BÅDE I SOSIALE MEDIER OG I AVISER. 
GODT AT DETTE KJEM OPP OG FRAM I DAGEN. 
SAMTIDIG ER DET EG OG DU SOM KAN GJERE EIN FORSKJELL 
OG VERE EIN FORSKJELL FOR ANDRE.

Ser du meg ikkje?

Nei, vi gjer ikkje det. Fordi vi helst vil sjå ein annan veg.


fredag 12. mars 2010

Bakemodus


I Møre og Romsdal er det mange lokalaviser. Ei av dei heiter Storfjordnytt og blir gitt ut på indre Sunnmøre. Dette vesle stykket er henta frå denne avisa. Eg syns det er så godt skreve at eg berre måtte dele det med dokke. Viss du trykke på det vert det så stort at du klare lese det.

Rett og slett til inspirasjon. Ha ein god bakedag :-)

God fredagskveld!!

tirsdag 26. januar 2010

Den usynlige

Til minne om Jan Erik

Enkelte ting får sjølv meg til å bli mållaus og satt ut.
Heilt tilfeldig såg eg ein artikkel på Dagbladet si nettside, les her
Den var SÅ sterk at eg berre måtte lese heile artikkelen.

Det handla om den usynlege, den som ingen ser...
Og som ingen saknar den dagen han døyr....
Ikkje det at det spelar noko rolle for meg kor mange som kjem i gravferda mi, for då er eg ikkje der..
Men at ingen kjem, at ingen bryr seg...
Det vitnar om ei einsemd så djup og sterk at sosiale meg ikkje kan fatte rekkevidda av det!

Slike tankevekkerar er sterke å få!
Det gjer at eg med endå større takksemd ser rundt meg på det som fyller mitt liv....