torsdag 17. mars 2016

Våren kjem i år også!




Tro ikke frosten som senker en fred
av sne i ditt hår.
Alltid er det på jorden et sted
tidlig vår.

André Bjerke



Etter 14 dagar med lite eller ingen energi var det godt å stoppe opp på veg frå jobb for å ta dette bilete. Det er lov å vone at det er VÅREN som kjem! Og med den også litt meir LIV og ENERGI!

GOD HELG!

Deler på SKYWATCH FRIDAY

tirsdag 1. mars 2016

Kva gåver gir du andre?




Ein trenar brukar ofte å fortelle historia om ein suksessfull businessmann frå New York, og ein usedvanlig tilfreds munk frå Tibet. Uansett kva som blei sagt til munken fortsatte han å vere like tilfreds og upåvirka. Businessmannen hadde høyrt om denne munken, og bestemte seg for å teste ham ut.
Businessmannen drog heile vegen til Tibet, og kom omsider fram til klosteret der munken bodde. Han fekk straks auge på munken som sat fredfull på ein benk under eit fargerikt, tibetansk kirsebærtre.

«Vi får sjå kor lenge han kjem til å smile det vesle smilet sitt,» sa businessmannen sjølvsikkert til seg sjølv, og begynte med ein gong å fornærme munken på det grovaste. 
Han håna, harselerte og ironiserte.

Til slutt måtte han likevel gi opp.
Munken, like fredfull som alltid, bøygde seg forsiktig fram mot mannen og spurte: 
«Kan eg stille deg eit spørsmål?»
«Ja..» svarte mannen, hes etter tiraden.
«Hvis eg vil gi deg ei gåve, og du velge å ikkje ta i mot den. Kven tilhøyrer då gåva?»
«Då tilhøyrer den fortsatt deg,» svarte mannen snurt.
Munken smilte. «Det er korrekt. Så hvis eg velge å ikkje ta i mot di fornærming og 
ditt sinne, tilhøyrer det ikkje då fortsatt deg?»
For fyrste gong på fleire år vart businessmannen sittande mållaus.

For å summere opp, ikkje la andre sin dårlige dag øydelegge din dag!

Vær samtidig merksam på kva “gåver” du gir ut i din kommunikasjon med andre.
Når vi møter mennesker, er vi enten med på å bygge dei opp, eller bryte dei ned.

onsdag 17. februar 2016

Å LEVE..


Å LEVE 

EG KJENNER AT EG LEVER
NÅR VINTERSOLA FÅR VARME MEG
PUSTE INN DEN KLARE REINE LUFTA

EG KJENNER AT EG LEVER
NÅR EG FÅR SENDE EI TAKK OPP
TIL MIN GUD OG SKAPAR

EG KJENNER AT EG LEVER
SJØLV OM LIVET HAR SINE BRÅTTSJØAR
MEN FÅR TAKKE FOR AT BÅTEN BAR.

-Sigrid 17.02.16-


TAKK FOR OMSORG!
------
Det er tøft å oppleve at nokon som står ein nær vert sjuk.
Men utruleg godt å oppleve eit flott sjukehus!
Dyktige, nærverande legar og sjukepleierar som har et mål
for auga, gjere det beste for den som er sjuk!
Takk!

lørdag 13. februar 2016

BYEN ER BERGEN


OG DET HEILT UTAN REGN..

1 DØGN VEKKE PÅ JOBBOPPDRAG.

- MEN SAMTIDIG FEKK EG BESØKE MI GODE BARNDOMSVENNINE.
SÅ KJEKT Å MØTE HENNE!

RART MED SLIKE VENNSKAP SOM OPPSTÅR SOM SMÅ.
SJØLV OM VI SJELDAN SNAKKAST OG SJELDAN MØTAST
SÅ ER KONTAKTA DER ALIKEVEL.

HELDIGE MEG SOM FEKK EIN KVELD I BERGEN, 
MED GOD MAT OG MIMRING OM DET SOM EIN GONG VAR OG
INNBLIKK I KVARANDRE SITT LIV SLIK DET ER NO.

..........

deler på Skywatch Friday

søndag 31. januar 2016

VINTER HIMMEL



Vinterhimmel over frossen jord,

den nye dagen viser seg i morgensol.


Godt når dovne dager


våkner opp med godværs skyer


det  blir liv i bygd og byer.



Vintersol på mark og eng


planter hviler i sin vinterseng.


La dem sove godt til våren kommer


de skal glede oss i hele sommer.



Vinterhimmel over frossen jord


den nye dagen gir oss trøst og mot.


Alt blir nytt ved morgen gry


så godt å se en soloppgang på ny.




Sigrunn Granlund



ROLIGE DAGAR.

SNØEN LEGG SITT KVITE TEPPE.
SKJULER ALLE SPORA ETTER "TOR".

BERRE EIT PAR BUSKER I HAGEN
SOM TAKKA FOR SEG.

ANDRE HAR DET VERRE.
MEN VI FÅR VERE TAKKSAME
FOR AT DET IKKJE GJEKK LIV.

GOD SØNDAG OG FIN NY VEKE!

...........

Deler på Skywatch Friday

fredag 22. januar 2016

HELG



Helg er et eldre norsk ord, gammelnorsk helgr, avledet av «hellig». Ordet betegner en helligdag, en fridag eller to-tre fridager på rad. Bruken og betydningen av ordet har endret seg etter at det ble vanlig med lørdagsfri på 1960-tallet. WIKIPEDIA

DET ER HELG! 
BLOMSTER, LEVANDE LYS, KAFFI OG LEFSE.

LITT MEIR SENKA SKULDRE ENN ELLERS.

DEI TO ELDSTE HAR BURSDAG I DAG, 24 ÅR OG 22 ÅR.
SNAKKA MED HAN I TRONDHEIM OG
FÅTT GITT LITT MERKSEMD TIL HAN SOM BOR HEIME.

UTE ER DET VINTER, MEN LANGT MILDARE ENN FØR.
75 CM MED SNØ PÅ FLAT MARK ER IKKJE KVARDAGSKOST PÅ VINTEREN.
ER SÅNN GAMALDAGS VINTER SOM VAR DÅ EG VAR LITEN.

GOD HELG!


tirsdag 5. januar 2016

Å LYTTE...

Til ordene
Fra det andre mennesket
Kanskje ikke til alle ordene

Men til dem som kommer dumpende
Nærmest av vanvare, lytte
Til klagen

Til smilet i stemmen
Hvis den smiler
Eller den brutte tonen
I ordene som aldri skulle vært sagt, lytte
Til pausen som plutselig er der

Plutselig for lang

Om munnviken
Som skjelver umerkelig, for

Det er et eller annet
Bakenom
Noe bittelite kanskje
Og meget ensomt

Noe er det
Noe…

” Carl Fredrik Prytz, 1997”
...................................

EG MØTER DEG OFTE.
OG SOM OFTAST NÅR EG HAR DET TRAVELT.
MEN EG MÅ LYTTE TIL DEG.
DU HAR ALLTID MYKJE PÅ HJARTE.

DU YNSKJER Å BLI SETT.
MEN ER NOK EIN SOM MANGE OVERSER.
HEILE LIVET HAR DU KJEMPA FOR DINE.
DU HAR HATT MANGE VONDE TAP.

SIST EG MØTTE DEG VAR DU GLAD.
MEN DU SA: "TENK VISS!"
GUTEN DIN LEVER, MEDAN EIN
ARBEIDSKOLLEGA DØDE.

"VI FÅR VERE GLAD VI IKKJE VEIT
KVA FRAMTIDA BRINGER.
KORLEIS HADDE VI KLART Å LEVE
OM VI DET GJORDE?"

SÅ SA VI FARVEL OG GODT ÅR
EG MÅTTE REISE VIDARE.
MEN HAR IKKJE KLART Å GLØYME
DEG OG DITT LIV.

-SIGRID 05.01.16-