torsdag 31. juli 2014

Farvel Juli

(dette er frå eit gamal bursdagskalenderhefte som mora mi hadde)


Herlege Juli takkar for seg!
Ja, sommaren ER deilig i Juli
og ein badar så sant det er mulig!

onsdag 30. juli 2014

Det er lov å la seg friste...


til ein heilt enkel kvardagsdessert med:

YOUGHURT
BANAN
FERSKE BRINGEBÆR
CASHEWNØTTER
.............
NYT!

mandag 28. juli 2014

Å nyte dagen ved Svartevatnet












Eit lite "bilderas" frå ein nydeleg sommardag.
Kart får den på "kjøpet" som har sjansen til å ta same turen.

Det er vakkert dette landet vårt!!

Ha fin ny veke!

....................
linka til: Skywatch Friday

søndag 20. juli 2014

TAKK FOR DAG SOM ER TIL ENDE


Det er herleg å kome seg litt vekk i frå heimekråa.
Gå på tur på nye og ukjente stiar.
Kjenne sola varme.
Og det var faktisk herleg å kome inn i skuggen i blandt.
Atter ein ny vakker sommardag går mot slutten.

Ein føler takksemd for at ein får leve i eit fritt og godt land.
Ikkje alle dagar er som denne sjølv i vårt gode land.

Eg vart så sterkt minna på dette då eg for nokre dagar sidan var i gravferd til faren til ei vennine.
Å lære seg å takke både når sola skin og når ein er i dødsskuggens dal.

I gravferda vart denne songen sunge:

TAKK, MIN GUD, FOR ALT SOM HENDE!

1. Takk, min Gud, for alt som hende, Takk for alt slik du det gjer, Takk for dag som er til ende, 
Takk for dag som enno er! Takk for fager vår som strøymde, Takk for hausten grå og arm, 
Takk for tårer som er gløymde, Takk for hjartefred i barm!

2. Takk for det du har forklara, Takk for det som uklart er, Takk for du på bøna svara, 
Takk for det eg ikkje fær, Takk for livsens gåter løynde, Takk for hjelp i sorga sår, 
Takk for nåden som eg røynde, Takk for frie barnekår!

3. Takk for gledene eg kjende, Takk for sol og himmel blå, Takk for motgang du meg sende, 
Takk for sorg som du la på, Takk for harde prøvingstider, Takk for hjelpa du meg gav, 
Takk for kvar ein dag som lider, Takk for trøyst mot gru og grav!

4. Takk for rosene på vegen, Takk for tornar mellom deim, Takk for reiste himmelstigen, 
Takk for trygg og evig heim, Takk for kors og takk for plåge, Takk for himmelheimen blid, 
Takk for stridens lutringsloge, Takk for alt til evig tid!

Tekst: August Storm

lørdag 19. juli 2014

SOMMARTID ER BÆRTID







Herlege sommartider!

Er eg ikkje heldig?

Ikkje store mengder med bær,
men i allefall nok til å smake..

VONAR DIN SOMMAR ER FIN!

tirsdag 15. juli 2014

Ein stück himmel *A piece of heaven* july 2014


DRA BÅTEN OPPI STØA
EIN FIN KVELD Å GÅ I LAND
GÅ BARBEINT I GRASET
SETTE SEG NED
NYTE JULIKVELDEN
LEVE
.................
DELER PÅ:
TinasPicStory: Ein stück himmel/A piece of heaven
 og TisdagsTema: FIN

.....................................................
Vinnar av mi vesle 5års Jubileums utloddning 
(og som om nokre dagar får ei lita gåve tilsendt)
vart ved hjelp av Random.org:



mandag 14. juli 2014

Sommardraum



Den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje - 
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ein morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H.Hauge
Frå Dropar i austvind (1966)
...................................................................................................................................................................
Berre innom for å minne om at akkurat i dag har eg 5 års blogg jubileum.
Tenk her er eg 5år etter mine fyrste små steg uti den store internett verda.
For ei veke sidan la eg ut dette innlegget: SOMMAR
Den som kommenterar det innlegget innan kl.24.00 i kveld er med på ei trekning av ei lita gåve.
Vonar du har fine sommardagar. Eg plukkar solbær :-)
Fortsatt god sommar!