lørdag 29. juni 2013

Spreke damer på Blåtur



Her er nokre av dei spreke damene som var 
på Blåtur i går kveld.
Alltid kjekt å vere saman med kollegane mine på ymse arr.
Og så heldige som vi var med været i går, 
endåtil sola varma oss.

Tusen takk til HUL og LKJV for flott gjennomført Blåtur!!


Og midt i vegen låg der eit steinhjerte
 

GOD HELG!

torsdag 27. juni 2013

Kan du smile gjennom tårer?





Kan du smile gjennom tårer
når din drøm blir knust til støv?
Kan du atter skimte vårer
gjennom høstens gule løv?

Kan du miste dine venner
for din tanke og din tro,
og stå ensom når de brenner
fellesskapets trygge bro?


Kan du tilgi dem som smiler
skjevt når alt går deg imot?
Og som skyter hånens piler
i din såre hjerterot?

Kan du glemme sorg og smerte,
spott og urett, hån og svik -
uten bitterhet i hjertet
er du meget, meget rik!

.............................
Tankevekkande dikt av ukjent diktar.
.....................................


Utsnitt av dette bildet på innlegget



Linka til:

Himmelsk hos Petunia

Skywatch Friday

Ein stück himmel


..........................
Snart, snart er det ferietid..
Og i morgon går årets Blåtur med jobben av stabelen.
Godt å ha noko å glede seg til :-)

torsdag 20. juni 2013

Himmelsk sommardraum!



Sommardraum ved sjøen!
Berre vere stille, lytte..
Sjå skyene segle..
Ein og annan fugl kjem flygande..
Stuper etter mat og bryt stilla for ei stund.
Slike stunder er det verdt å ta vare på!

Dei siste dagane har vore spesielle..
Men ein får ta med seg dei gode minna og 
leve vidare på dei.

Og for meg er det godt å kvile i desse orda 
frå Bibelen:

 Jes 41,10: 
Frykt ikkje, for eg er med deg,
ver ikkje redd, for eg er din Gud!
Eg gjer deg sterk og hjelper deg
og held deg oppe med 
mi rettferds høgre hand.

............................................................................................
Linka til:

4987378325_b77095bd20_b[1]




Ein stück himmel


tirsdag 18. juni 2013




Det er tidleg morgon..
Sola har stått opp..
Skyene leikar seg..
Dei skaper ulike former..

Eg tek fleire bilete dei få minutta i sjøkanten.
Når eg studerar eit av dei nærmare ser eg eit !
Eit skapt av himmel, skyer og sjø.
Eit som eit symbol på den kjærleiken vi bør spre rundt oss.

Få timar seinare sit eg i kyrkja.
Ei kone, mor, datter, syster og venn skal gravleggast.
Ei som tross sitt korte liv har sett varige spor etter seg.
Ei som det var lett å bli glad i.

Ei som var ualminneleg glad i livet og så gjerne ville LEVE!
Ho vil bli minna i kjærleik av oss som var så heldige å bli kjent med henne.

Takk for at du har lært oss å ikkje ta kvar dag for gitt!

KVIL I FRED KJÆRE TORILL! 

1.Kor 13,13:
Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. 
Og størst av dei er kjærleiken.

lørdag 15. juni 2013

Gleder og sorger


..slike dagar med sol frå blå himmel er gode dagar..
..slike dagar ein bør gøyme i ♥..

..eg har ei sorg i ♥ mitt..
..men eg veit at ho eg sørjer over ville at 
vi skulle LEVE vidare ..

..få dagar før ho døde skreiv ho dette...

For meg so kan livskvalitet vere en so enkel ting som å: 

støvsuge, gå på butikken, lage mat, ete, gå tur, snakke, flire, sjå på tv, rydde, hilse på naboane, ta meg en kaffi, vere i lag", klappe katten, grine litt, for så å bli glad igjen, vite at mine nærmeste e friske, vere m barna og mannen min, familien ellers, besøke nokken, gå i fjøra eller på fjellet.. 

RETT Å SLETT: berre LEVE!! 

Men det e ting som en tek for gitt....dessverre:( 
Skulle ønske at vi hadde meir omsorg og glede av kvarandre i kvardagen:)) 

Ta godt vare på kvarandre, alle ihop , og ha en fin kveld ,uansett ka dokke styra med:) 

.......

.. heldigvis er vi menneske så viseleg skapt at vi kan bere
 både sorg og gleder i ♥ på same tid...

........
innlegget linkar eg til


og 

fredag 14. juni 2013

Å få bety noko


Det hender at vi plutselig får vite hva vi 



engang har betydd for andre, 




men sjelden får vi vite det i tide.




Ta godt vare på kvarandre!


God helg klem

torsdag 13. juni 2013

Fred over minnet ditt kjære Torill!




Fager kveldsol smiler
Over heimen ned,
Jord og himmel kviler
Stilt i heilag fred.



Berre bekken brusar
frå det bratte fjell.
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld.



Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
inga klokke bera
honom kvilebod.



Så mitt hjarta stunder
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.

.........................

I natt fekk, ulstadtausa, vår kjære Torill kvile!
No er alle smerter over.

Vi set igjen i sakn og sorg,
familie, vener og arbeidskollegaer.

Samtidig er vi takknemlige for det Torill var for oss!
Ho vil bo i hjertet vårt!



Kvil i fred!