lørdag 29. desember 2012

Romjulsdagar




Romjulsdagar..
Stille og gode..
Men også litt stress..
Det er alltid nok å gjere i ein heim som ein absolutt bør gjere når ein har fri.

Romjulsdagar..
Snøen kom og snøen drog..
10,5 grader den 29.12.12!

Romjulsdagar..
Må vere litt sjukepleiar når influensa rammar.
Godt å få vere til hjelp, men vondt sjå andre har det vondt.
Men det går over..

Romjulsdagar..
Går visst litt for fort..
Snart Nytt År!
Snart kvardag igjen..

Korleis er dine Romjulsdagar?

søndag 23. desember 2012

No tenner vi...

4lys

Bilde lånt her



No tenner vi det første lys, 
åleine må det stå. 
Vi ventar på det vesle barn 
i krubba lagt på strå. 


No tenner vi det andre lys, 
dei står der stilt og skin. 
Vi ventar på at Gud, vår Far, 
vil sende Sonen sin 


No tenner vi det tredje lys, 
det er eit heilagt tal. 
Vi ventar på at Kongen vår 
skal fødast i ein stall. 


No tenner vi det fjerde lys 
og natta vert til dag. 
Vi ventar på ein Frelsarmann 
for alle folkeslag. 


Tekst: Sigurd Muri frå Ørskog

Dette er den Adventsongen som ligg mitt hjarte nærmast!

God Jul til alle som er innom! 
♥♥♥

onsdag 19. desember 2012

Gi meg ikke din styrke






Gi meg ikke din styrke
men vær sterk
så jeg kan finne min
Gi meg ikke din visdom
men fortell hvor den har kilden sin

Gi meg ikke ditt liv
men lev
så jeg kan leve mitt
Gi meg ikke din kjærlighet
men elsk mitt hjerte fritt

Gi meg ikke din glede
men vær glad
så jeg kan finne min
Ta gjerne fra meg min smerte
men gjør den ikke helt til din

av Bjørn Eidsvåg

...........................
Vondt å oppleve at fleire av dei ein har i ♥ slit med sorg og sjukdom.
Viktig å vere der for dei som ynskjer det.
.....
Har lyst å tipse om ein nydeleg og sterk blogg som eg vil du skal besøke:

MØRKEROMMET
 
Mørkerommet er staden der alt vert klarare. Det som er skjult vert synleg. Sorga vert klarare, men også gleda og håpet. På denne bloggen kan du sjå framkallingane av nokre bilder frå mine filmrullar; minner eg har med meg, sår eg har fått eller gleder eg har plukka opp på vegen. Mykje av det du les er personleg, som eit vindauge inn i sjela mi, medan andre ting er betraktningar og tankar som har dukka opp i ulike samanhenger. Velkommen inn i mitt mørkerom!

mandag 17. desember 2012

Før Julsgåve!



Er ikkje eg heldig så veit ikkje eg!!!

Mette med den herlege bloggen
Miss Mette hadde lyst å gi ein av leserane ei Førjulsgåve og eg vant...

Tusen takk Mette!
Besøk henne gjerne, ho har ein flott blogg og mange flotte tips,
oppskrifter og bilete!

Gler meg til å sjå kva det er...
Spennande, men eg har mine mistankar ;-)

søndag 16. desember 2012

No tenner vi det tredje lys...


 
 
No tenner vi det tredje lys,
det er eit heilagt tal.
Vi ventar på at Kongen vår
skal fødast i ein stall.
 

Ja, no nærmar den store dagen seg fort..
Og alt det praktiske er enno ikkje på plass..
Men for meg handlar det mest om kvifor vi feirar Jul og ikkje ramma rundt.

Og tankane mine går til dei som har ei annleis Jul i vente på grunn av sjukdom og sorg!
Måtte vi som er rundt vere dei nær slik at dei kjenner at dei ikkje står aleine i det som er vanskeleg.

Ha ei fin siste veke før Julehelga kjem!
 
...........


lørdag 15. desember 2012

Frans av Assisis bønn


Herre - gjør meg til et redskap - for din fred!
La meg bringe kjærlighet - der hatet råder.
La meg bringe forlatelse - der urett er begått.
La meg skape enighet - der uenighet råder.
La meg bringe tro - der tviler råder.
La meg bringe sannhet - der villfarelse råder.
La meg bringe lys - der mørket ruger.
La meg bringe glede - der sorg og tyngsel råder!
 
Å Mester!
La meg ikke søke så meget å bli trøstet - som å trøste.
Ikke så meget å bli forstått - som å forstå.
Ikke så meget å bli elsket - som å elske!
For det er gjennom at man gir - at man får.
Det er ved å glemme seg selv - at man finner seg selv.
Det er ved å tilgi andre - at man selv får tilgivelse!
Det er ved å dø - at man oppstår - til det evige liv!
Amen

........................................................

fredag 14. desember 2012

Vinterglimt

 
Slike vinterdagar kan vi tåle.
Sjølv om her har vore nokre forholdvis kalde dagar
så er det herleg å oppleve kvitt landskap og rosa skyer.

Med ynskje om ei vakker Adventshelg til deg, ja nettopp til deg!