fredag 30. november 2012

Om å stå på eigne røtter eller var det føtter?


Det er mange slags tankar ein gjer seg av heilt vanlege ting..
Tre sviblelknollar hadde lagt ei stund utan å bli sett i jorda.
Men plutseleg ein dag fekk dei mold under seg og raskt tok det til å skje noko..

Dei byrja å røyse seg opp og opp..
Ville stå på eigne føtter eller var det røtter..
Stilig!

Det fekk meg til å tenke på:

Gi barnet røtter til å vokse -
og vinger til å fly!
-Norsk ordtak-

Kanskje det første er det enklaste?

Pst: eg begynne visst  å bli litt lilla her inne no, Advent er rett rundt hjørne.
Og tenk, på tysdag kjøpte eg den 1.Julegåva dette året
Og til helga skal Julekorta skrivast, kanskje...

-fin dag til deg der du er-

torsdag 29. november 2012

Himmelsk Ålesund


Tja, er Ålesund ein Himmelsk by?
Kanskje ikkje i ordets rette forstand :-)


Bidrag til Petunia si
Himmelsk utfordring
4987378325_b77095bd20_b[1]

Dette bilete er tatt i full fart sist veke. Var på kurs i bystyresalen på Ålesund rådhus.
Til vanleg vert Ålesund presentert som Jugend byen.
Men Ålesund har også ei anna side...
Eit pulserande bybilde med bygging/renovering, båttrafikk/fiske og parkerte bilar.
Levande menneske som vandrar til og frå arbeid, butikkar etc.

Er det ikkje slik med dei fleste, at ein ikkje berre har ei side..
At ein kan vere ulik alt etter kva rolle ein har?


(Må ikkje misforstå, eg syns Ålesund er ein flott by.
Men den har mange ulike sider og ikkje alle er like flotte.)



..............................
Og i desse Advents- og Julekalendertider så kjem eg med eit svært godt tips.
Besøk sida:
En Julekalender for voksne 

Det er Unicef som står bak den.

mandag 26. november 2012

GJERDER / FENCES

 
Helen med bloggen

Alt som er vakkert

vil ha bilete av
 
på Mandagstema denne veka.
 
Frå gamalt av var gjerde nyttige.. Dei skulle skille mellom ditt og mitt!
Dei skulle stenge dyra ute eller inne.
 
Men det finst nokre gjerde som eg er redd for:
Dei gjerda vi sette opp inne i oss og mellom oss..
Vi er ofte så redde dei andre at vi ikkje tørr å sleppe nokon ordentleg inn på oss.
Og så går vi der meir aleine enn det som er nødvendig.
 
På eit tidlegare innlegg har eg sitert Stanley Jacobsen sin flotte og tankevekkande song:
 
Sangen Guds kjærleik har med ei setning som lyde slik:
 
Og endå er det murar oss imellom,
og gjennom sprinkelverk vi tøyer hand.
Vårt fangerom er murt av redsle-steinar,
og fangeklede er vårt stengde eg.


Det har eg skreve om på ein innlegg som heiter:
 
Eit gjerde og ein mur har litt av den same eigenskapen,
eit stengsel...
 
Så kan ein seie at det nødvendigvis ikkje alltid er så godt å vere open.
Somme har brent seg på det også.
Sjølvsagt må vi kvar einskilt kjenne på våre eigne grenser.
 
Men eg trur vi hadde tjent på det som menneske, det å tørre å vere litt meir open
overfor andre og kanskje det kan gjere at dei tørr å vere open overfor oss?
 
VONAR AT AKKURAT
DU
HAR DET BRA!

 

søndag 25. november 2012

Ikkje få panikk...

Stadig fleire er i Julemodus og er visst snart klare til fest..

Om eg er det? Nei, langt i frå.

Det er då eg kom til å tenkje på orda: Ikkje få panikk!

Det vert Jul i år også!

For kva er JUL: 1.Glede, 2.Gåver, 3.Pynt, 4.Mat, 5.Lys, 6.Musikk, 7.Julefest, 8.Engler, 9.Stjerner,10.Juletre, 11.Julekrybbe, 12.Nissar, 13.Julebord, 14. ........

Men er det ikkje noko som manglar:

For kva er den eigentlege grunnen til at vi feirar Jul?



Jeg snublet omkring i svarteste natten
Da tente du stjernen med lys ifra deg
Jeg følte meg ensom og tom og forlatt
Da du viste du tenkte på meg

Jeg hutret og frøs da du gav meg din varme
Du så vel at jorda var naken og kald
Du lengtet til meg, og du sendte meg barnet
Og viste meg vei til en stall

:/: Himmel på jord
En glede så stor
Jeg er'ke alene
Her jeg bor :/:

Jeg sloss og jeg led, gjorde alt for å vinne
Da hørte jeg englene synge om fred
Legg våpnene ned, det er jul du må finne
En fred inni hjertet et sted

:/: Himmel på jord
En nåde så stor
Jeg er'ke alene
Her jeg bor :/:

Hver gang jeg ser opp på min himmel så vet jeg
At undrenes under er det som har hendt
Jeg føler meg trygg for jeg slipper å lete
Nå vet jeg hvor stjernen ble tent

:/: Himmel på jord
En nåde så stor
Jeg er'ke alene
Her jeg bor :/:

Jeg er'ke alene her jeg bor...


(tekst: Jan Vincents Johannessen)

Høyr Kurt Nilsen synge Himmel på jord

Mitt i Advents- og Julestria er det godt å vite...


Måtte vi alle få ei fin tid før klokkene ringer Jula inn!

mandag 19. november 2012

....novembersol....


Det er ein våt og hustrig novemberdag..
November er den siste haustmånaden.

- den triste og grå månaden -

Men kva skjer?
Kva er vel vakrare enn 
NOVEMBERSOL?

Berre eit glimt skal til for at ein skal kjenne 
at dagen vert litt lysare og gladare!
På grunn av eit jobbærend fekk eg nyte dette vakre
augneblikket før eg måtte haste vidare..

Men du og du kor godt det var!

søndag 18. november 2012

EN SMAK AV . . / A TASTE OF . .

 
FRUKT!
 

Helen med bloggen Alt som er vakkert utfordrar oss igjen..

Mandagstema denne gongen er:

 
Bilete er teke i Tobias sin Konfirmasjon i mai.
Herleg når det i tillegg til eit hav av gode kaker også finst eit sunnare alternativ.
 
VONAR VEKA DI VERT GOD!

fredag 16. november 2012

jeg klamrer meg










du ser alt jeg ikke er, men vil være

du ser alt det som jeg gjør, men ikke vil

kjære Gud, jeg ser det mer og mer

jeg strekker bare ikke til

 







jeg klamrer meg til nåden
 
og jeg søker dine øyne
 
takk, Jesus for din kjærlighet
 
for at du møter mine


 

jeg vil så gjerne gjøre alt helt rett
 
for å vise at jeg elsker deg
 
kjære Gud, jeg ser det mer og mer
 
min stige rekker ikke opp

Rudi Myntevik - Klamrer

Sjå og høyr teksta her

--------------------------------------------

Etterord:
For meg er det godt å ha Jesus å gå til både i gode og vonde dagar.