mandag 30. november 2009

GJENBRUK

Ein dag eg skulle rydde blandt sengkleda oppdaga eg eit flott blåruta dynetrekk...
Feilen med det var at det var ei rift i det, hm kva skulle eg gjere?

Her var fleire alternativ:
  1. Hive det?
  2. Gøyme det for at eg ein vakker dag kunne veve med det? (Ja, eg har ein vev-stol, men..)
  3. Få nokon til å lage noko?

Alternativ 3 vart valgt!

Eg fekk levere stoffet til ei kreativ dame HAUST.
Og ho "tryllar" fram mykje fint ved symaskina.
No har eg flott gjenbruks-handlenett og pung til ymse små ting.
Viss du har lyst til å sjå kva ho lagar og kanskje kjøpe ei flott Julegåve så kan du sjå innom butikken til HAUST PÅ EPLA.

søndag 29. november 2009


Advent


Advent er ventetida før jul.

Ordet advent (kjem frå latin) tyder eigentleg Herrens komme, og har blitt brukt som namn for denne ventetida heilt sidan slutten av 400-talet.

I følge tysk tradisjon refererar advent til dei 24 dagane oppunder jul, altså 1-24 desember .
I adventstida førebur vi jula og ventar på Jesusbarnet sitt komme.

1.søndag i advent, markerar starten på kyrkjeåret, den fell alltid mellom 27. november og 3. desember.

Før i tida - fram til den andre verdskrigen - vart advent kun markert i kyrkjene. Dei siste åra har det vorte vanlig å pynte heimane med forskjellig adventspynt som lys, kalenderar, kransar m.m.

Som adventsfarge brukar ein som oftast lilla/fiolett.

Adventslysestaken finst i mange heimar. For kvar søndag i advent tenner vi eit nytt lys i staken og syng/les eit vers om Advent.

Her er den sangen vi brukar i vår heim:


No tenner vi det første lys,

åleine må det stå.

Vi ventar på det vesle barn

i krubba lagt på strå.


No tenner vi det andre lys,

dei står der stilt og skin.

Vi ventar på at Gud, vår Far,

vil sende Sonen sin


No tenner vi det tredje lys,

det er eit heilagt tal.

Vi ventar på at Kongen vår

skal fødast i ein stall.


No tenner vi det fjerde lys

og natta vert til dag.

Vi ventar på ein Frelsarmann

for alle folkeslag.


Tekst: Sigurd Muri 1963 (frå Ørskog på Sunnmøre) - Melodi: Emmy Köhler 1898 (Nå tennes tusen julelys)

Faktaopplysningar henta frå blandt anna: AKTIV I OSLO


lørdag 28. november 2009

Du omgir meg




Du omgir meg på alle sider
Og du held meg fast i di hand.
Du omgir meg på alle sider.
Og held meg fast i di hand.

Når min veg går gjennom tette skodda.
Nær ved bratte stup og djupe vatn.
Då er du nær meg på alle sider,
Ja du leiar gjennom vatn.

Når min tru er svak og motet sviktar.
Og eg kjenner kalde redslevindar.
Då veit eg trass alt at du er nær meg,
Du har lova vere med kvar ein dag.

Eg veit diverre ikkje kven som har skreve denne sangen.
Men den seier svært mykje om kor godt det er å ein
Himmelsk Far som har omsorg for oss.

(Takk til alle som har lagt igjen god betrings helsingar.
Er heldigvis litt betre og er trass alt oppe.
Satsar på å snart vere god att.
Ha ein fantastisk flott laurdag alle som ser innom
bloggen min. Klem frå Sigrid)

fredag 27. november 2009

Advent på trappa

Eg ser at mange alt har pynta så fint på trappa til Jul.
Den som kjem til oss vil finne dette gamle emaljerte fatet med røsslyng og mose i.
Fatet hadde nokon berre slengt frå seg og det vart no eg glad for.
Gjenbruk er tingen!
Dei gamle tørka greinene er utruleg dekorative.
Andre hadde vel brukt dei til ved.
Slik er det med alt; det er auga som ser og heldigvis er vi ulike.
Sånn eigentleg er det haustpynten vår ;-)
Men eg syns det passar til Advent også.






torsdag 26. november 2009

Tankevekkar på ein spegel

biletet lånt hjå : Sköna hem

Ein forkynnar fekk bo hjå nokre vener ei natt han var på reise frå eit møte til eit anna.
Om kvelden gjekk han som vanleg på badet for å pusse tenner og stelle seg til natta.
Då vart han merksam på ein handskreven lapp som hang på spegelen:

"Kor lang tid brukar du på å stelle hjertet ditt?"


onsdag 25. november 2009

Farge






















Når hausten kjem og mørket kjem sigande får eg behov for meir fargar...
Noko som kan gi meg litt energi...

Difor vart desse innkjøpt frå

Ein finn sikkert billigare Skjærebrett rundt om,
men eg syns prisen ikkje var så ille.

Skjærebrett, 4 stk
4 harde plast-skjæreunderlag med ulike farger og symboler for kjøtt, fisk, fjærkre og grønnsaker. Enkelt, renslig og praktisk. Hindrer overføring av eventuelle smittebakterier.(kr.149,-)

tirsdag 24. november 2009

Snippen Engel

Har du sett så fint?
Ein annleis engel, litt variasjon er ikkje dumt...
Dei som lagar desse er svært kreative.....
Vil du kjøpe dei kan du besøke denne sida: Snippen