Det er tidleg morgon..
Sola har stått opp..
Skyene leikar seg..
Dei skaper ulike former..
Eg tek fleire bilete dei få minutta i sjøkanten.
Når eg studerar eit av dei nærmare ser eg eit ♥!
Eit ♥ skapt av himmel, skyer og sjø.
Eit ♥ som eit symbol på den kjærleiken vi bør spre rundt oss.
Få timar seinare sit eg i kyrkja.
Ei kone, mor, datter, syster og venn skal gravleggast.
Ei som tross sitt korte liv har sett varige spor etter seg.
Ei som det var lett å bli glad i.
Ei som var ualminneleg glad i livet og så gjerne ville LEVE!
Ho vil bli minna i kjærleik av oss som var så heldige å bli kjent med henne.
Takk for at du har lært oss å ikkje ta kvar dag for gitt!
KVIL I FRED KJÆRE TORILL!
♥
1.Kor 13,13:
Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.
Og størst av dei er kjærleiken.