torsdag 26. februar 2015

Dei timane..


dei timane vi hadde saman
kva og kven hadde vi vore utan dei?

eg laga spor i ditt hjerte og
du laga spor i mitt

bølgene slår mot fjøresteinane
åra går

på same måten sliper
vi kvarandre

eg ville ikkje vore desse åra forutan

-sigrid feb.15-

...........................................................................

GOD HELG!




onsdag 25. februar 2015

Helgeglede



I siste liten deler eg mi 
Helgeglede 
hjå Vivishagerom og litt til.

Å få besøke søstra mi til ein kveld med god mat 
og god prat er ikkje feil..
Takk for at vi fekk kome!

...............

"DE VENNLIGE ORD SOM SIES I DAG,
KAN BÆRE FRUKT I MORGEN!"

-M.GANHDI-

fredag 20. februar 2015

Tankar ved vekeslutt



"TRO AT DU KLARER DET,
SÅ ER HALVE JOBBEN GJORT!"

- Th.Roosevelt -


Innimellom klarer ein ikkje heilt å leve etter det ein meinar er best sjølv. 
At ein skal nyte dagane som kjem og sjå gleda i kvar og ein av dei. 
No er enno ei veke snart til ende. Og eg grip meg sjølv i å tenkje på kva har eg fått utretta denne veka som er til glede og gavn for andre? 
Det er ikkje alltid så lett å sjå det. 
Dagar på arbeid og heime der du føler at du aldri vert ferdig med "TO DO" lista. 
Der det heller blir litt sånn Albert Åberg som seier: 
"Skal berre..."

Kanskje Th.Roosevelt sine ord kan vere noko å ta med seg både inni i helga og til veka som kjem?

God helg!

...............................
deler på Skywatch Friday

tirsdag 17. februar 2015

GLED DEG!


LUKK OPP.
TA LIVET INN.
IKKE SETT DET PÅ VENT.

VERDSETT
DE SMÅ GLEDENE,
DE GODE RUTINENE,
DE ENKLE MÅLTIDENE,
DE ALMINNELIGE MØTEPLASSENE
PÅ DE HELT VANLIGE DAGENE.

HVER DAG
ER EN SPESIELL VERDIFULL DEL 
AV SELVE LIVET.

- Ragnhild Bakke Waale -


mandag 16. februar 2015

På tide?



TUSEN TAKK TIL LOKALBUTIKKEN
som minner meg om å sende Juleposten i tide!

Men eg brukar no vel ikkje 10mnd på å skrive den?
...........................
Syns det er litt artig når slike plakatar vert hengande litt for lenge.
Vert litt morosamt når bodskapen på plakaten er ute i for god tid.


lørdag 14. februar 2015

Timeout på arbeidsvegen



Innimellom må ein berre ta timeout!
Berre stoppe opp og puste.
Kjenne at ein lever!




Sola leikar seg på himmelen, i skyene og i havet.
Det er februar og det er vinter..
Men SÅ uendeleg vakkert!

God helg!
...............................................

Deler på Helgegleder og på Skywatch Friday

torsdag 12. februar 2015

IKKJE GI OPP!

Ein dag i pausa på jobben vart det omtala ein blogg eg ikkje hadde høyrt om. Vel heime måtte eg finne meir ut om denne dama, eller Slagdama som ho kallar seg. Dette skriv ho om seg sjølv:

Jeg er født og oppvokst i Brattvåg på Sunnmøre. Yngst av fire søsken. Flyttet da jeg var nitten år til Oslo for å begynne å studere. Seks år senere gikk jeg ut fra Universitetet i Oslo med hovedfag i historie. Har siden 2001 arbeidet i forlaget Cappelen Damm. Jeg var forlagsredaktør og på full fart fremover i livet den dagen i 2005, da jeg fikk et alvorlig hjerneslag og ble satt tilbake til start. I bloggen min skriver  jeg om utfordringer jeg har møtt og møter, og som jeg takler på ulikt vis.


Inne på bloggen til Ragnhild fant eg noko ho hadde skreve om ei anna dame. Eg har fått lov av henne å dele det med dokke. Besøk Ragnhild sin blogg og bli med henne på reisa frå då ho fekk slag og framover...
............................................................................................................
Danske Rosa Abrahamsen var 26 år gammel og mor til to små barn da hun ble hardt rammet av polio i 1952.  Åndelige verdier, var Rosa Abrahamsens svar på spørsmålet om hva livsmot er. Hun var da handikappet. 
Svaret  hennes kom som en ildkule mot meg. Hun hadde bare førlighet i høyre arm og et par fingre, men lå i respirator ellers. 
Hva har jeg og klage over, når hun beholdt sånt livsmot, tenker jeg. I 1956 skrev hun diktet ”Du skal”, som kom ut i diktsamlingen «De Store Skibe».


DU SKAL

Hvis du vækkes en morgen,
og alt er gråt,
Og du selv synes øde og tom,
Og alt synes galt, som i går
var godt
skal du stanse og tænke dig om.

Det nytter jo ikke, du fabler dig til
et blændværk du tror at forstå,
for inderst ved du, at
drømmernes spil
er en tåge, du aldrig skal nå.

Fortaber du dig i en sorgfuld rus
over ting, som en gang er hændt,
skal du prøve at se, at i nettopp
dit hus
har den skjønneste lykke brændt.

Og ser du en regndråbe falde
lidt tungt,
skal du tænke på sollysets spil,
og føle dit hjærte – så levende
ungt –
blot ved tanken om – du er til.

Du skal lære at se at nettopp
de ting,
du så ofte i hastværk forlod
var bitte små led i en lykkering
-   en kæde du aldrig forstod.

Du skal prøve at smile, når alt
går imod,
du skal lære at smile i sorgen,
da vil du se at den aften blev god,
som begynte en smertefyldt
morgen.
--------------------------------------------------------------

Rosa døde i 1964.
Jeg har bare ett råd å gi til deg:
Gi aldri opp.

søndag 8. februar 2015

Svart, grå, kvit og rosa Helgeglede


DET ER VINTER RUNDT MEG,
MEN I HJERTET MITT ER DET 
EN UOVERVINNELIG VÅR.
VI VELGER
VÅRE PERSPEKTIV.

- ukjent -


Det har vore ein grå dag i dag...
Ja, værmessig altså..

Men på ein 9 timars rundtur på Sunnmøre har vi klart å:

1. Reise med ferge i ruskevær.

2. Besøke svigerinna mi som er på Rehab etter operasjon 
og ete god middag saman med henne.

3. Køyre i undersjøisktunell.

4. Besøke svigerforeldra mine 
og hatt koseleg kaffistund i lag med dei.

5. Tatt ny ferge i ruskevær

Så godt å ha familie!
........

Vil du dele di Helgeglede eller lese om andre si Helgeglede?


torsdag 5. februar 2015

Leik...

 «Mennesker slutter ikke å leke fordi de blir gamle; 
de blir gamle fordi de slutter å leke.»

- Oliver Wendell Holmes -


.. eit herleg og litt tankevekkande sitat ..

.. leiken held oss unge ..



Og eg leikar med tanken om kven som ein gong eigde 

denne fjøra som eg tok bilete av i Polen..



Samtidig som eg leikar med tanken på kor skremt eg hadde blitt 
om eg fekk helse på den som bor under jorda her.
...............

Som vaksen kan eg sjølv bestemme over min kvardag.
(til ein viss grad vil du vel tenke; for livet vårt vert regulert av famile, jobb og fritidsaktivitetar)

Dei som er barn vert nok ofte bestemt over.
Men heldigvis finst det noko som heiter


Der er eit punkt som omhandlar barn sin rett til leik.

31. Leik og fritid 

"Barnet har rett til kvile, fritid og leik, og til å delta i kunst og kulturliv."
..............................................................................

Den 8.januar 1991 ratifiserte Norge Barnekonvensjonen. 
Med det har regjeringa og Stortinget gitt lovnad om å arbeide for barn sine rettar i Norge. 
Artikkel 31 i Barnekonvensjonen slår fast at barn har rett til å leike. 
Leik er barnet sitt naturlege uttrykk.

...................................................................................................................................................................

Leikar du?


tirsdag 3. februar 2015

Til den andres beste..

alt eg gjer og alt eg seier...
er det til den andres beste?

eller er det meg og mitt og meg og mitt igjen og igjen..

kva er til den andres beste?
er det eg eller den andre som har fasitsvaret på det?

for innimellom seier vi: 

"Dei veit ikkje sitt eige beste!"





ps: skal tru om det er til mitt eige 
eller andres beste at eg prøver å studere?
Det var i allefall godt med ein kopp kakao...

søndag 1. februar 2015

Vakre Geiranger

Når det er helg har ein aller mest lyst til å koble ut alt som har med jobb å gjere...
Men innimellom må ein "ofre" både fredag og laurdag.
Slik var det for meg og nesten 60 andre damer denne helga.



Og det var ikkje trim med Kari som drog oss over fjell og fjord til Geiranger.
Nei, vi studerar på høgskulen i Volda. 
Ei slik helg er både kjekk og intens...

Ikkje mykje tid til å nyte vakre Geiranger.
Men eit raskt morgenbad i utendørsbassenget laurdag morgon medan det lysna av dag var både magisk og spektakulært.



Geiranger er ikkje berre eit sommarpardis, 
men har mykje å by på heile året.



Dette er mi Helgeglede som eg deler på

..............................................

TENK DET ER FEBRUAR!
BÅDE RART OG LITT GODT..

YNSKJER DEG FORTSATT FIN SØNDAG DER DU ER!!