søndag 29. mai 2011

Himmelsk tilbakeblikk


Ja, eg veit at vinteren var laaaang..
Men eit lite tilbakeblikk toler du vel?

Her er eit bevis for at det var flotte dagar også.
Bilete er tatt frå eit møterom på ID-huset i februar.

Og i dag er dette mitt bidrag hjå 
 som kvar fredag gir oss sjansen til å vere med på 
Himmelsk

Himmelsk logo

Takk til Petunia!

Måtte vi alle få ein flott søndag!

fredag 20. mai 2011

Ta deg..

rolig tid til å være lykkelig.

Tiden er ingen motorvei mellom vuggen og graven, 

men plass til å parkere i solen.





Med ynskje om god helg til dokke alle!

tirsdag 17. mai 2011

GUD SIGNE VÅRT DYRE FEDRELAND

Gud signe vårt dyre fedreland
og lat det som hagen bløma!
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma!
Lat folket som brøder saman bu,
som kristne det kan seg søma!


Vårt heimland i mørker lenge låg,
og vankunna ljoset gøymde.
Men, Gud, du i nåde til oss såg,
din kjærleik oss ikkje gløymde;
du sende ditt ord til Noregs fjell,
og ljos over landet strøymde.


Og Noreg det ligg vel langt mot nord,
og vetteren varer lenge;
men ljoset og livet i ditt ord
det ingen kan setja stenge.
Om fjellet er høgt og dalen trong,
ditt ord heve då sitt gjenge.


Så blømde vårt land i ljos og fred,
det grodde så grønt i lider.
Men atter seig natt på landet ned
med trældom og tunge tider.
Og folket det sukka etter ljos,
og du lyste opp om sider.


Og morgonen rann, og mørket kvarv,
som lenge vår lukka skygde.
Du atter oss gav vår fridoms arv
og honom i trengsla trygde.
Du verna vårt folk og gav oss fred,
og landet med lov me bygde.


Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje vera by og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu

i heimen med fred og hyggja!



No er det i Noreg atter dag
med vårsol og song i skogen.
Om sædet enn gror på ymist lag,
det brydder då etter plogen.
Så signe då Gud det gode såd,
til groren ein gong er mogen!



Elias Blix




GRATULERE MED DAGEN!

fredag 6. mai 2011

Himmelsk i fart


Himmelsk bilete tatt i farta..
Av og til bør ein slakke ned farta og kjenne at ein lever!
Gå ein tur med ein venn, ta ein telefon du skulle tatt for lenge sidan...
Så får heller husvasken vente, la vere å sjå på TV eller la Bloggen ha ei lita pause..

God helg då :-)

Og sjå innom Petunia for fleire Himmelske bilete!

onsdag 4. mai 2011

Kvile


Klokkebilete er også brukt på dette innlegget her.

TA DEG TID TIL Å KVILE REGELMESSIG
I STADEN FOR Å VENTE TIL DU BRYT SAMAN
ELLER IKKJE HAR NOKO VALG.
DET ER MEIR EFFEKTIVT Å TA PAUSE OFTE
ENN Å MÅTTE STANSE HEILT OPP.

HENTA FRÅ OPPMUNTRINGER FOR HVER DAG
MARIA FONTAINE
utgitt på Lunde forlag

mandag 2. mai 2011

Menneske




Det japanske teiknet for Menneske er to strekar som lenar seg mot kvarandre ! 
Dette seier noko grunnleggande om at det å være menneske – fyrst og fremst dreiar seg om det å være med- menneske. 
Tek du vekk den eine streken fell den andre over ende….


Takk til alle som er med-menneske for meg i mitt liv!
Og så vonar eg at eg kan få vere noko for nokon 
også i dag.


Kanskje du i dag ser nokon på din veg som treng eit smil, eit hei eller ein klapp på skuldra?
Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å gjere dagen betre.. 

søndag 1. mai 2011

Rosa lykke



Siv med bloggen Sivs hus har ofte konkurransar på bloggen sin.
Og sjå kva ho hadde skreve i går:

Den heldige vinneren av den supersøte rosa laptop vesken ble den koselige bloggen Refleksjon på livsvegen. Tusen takk for alle innsendte bidrag og tips til nye konkurranser. Gratulerer til Sigrid!


Tusen takk til Siv!


Denne månaden kan du også vinne:





Velkommen til ny konkurranse! I samarbeid med Magnor Glassverk kan du i mai vinne et supersøtt sett av 2 stk BOBLEN KUVERTVASE fra Finn Schjøll. En nydelig vase til maifesten som lager vakre blikkfang enten du fyller den med perleblomst, roser, hvitveis, blåveis, løvetann eller ringblomst.


Ta turen innom Sivs hus
Ho har mange flotte innlegg til inspirasjon!


Ynskjer alle ei flott mai veke!